Brann-spelar Fredrik Heggland skal bruka sesongen i Fana til å spela seg i form etter nesten eitt år med skadeproblem.
Brann-spelar Fredrik Heggland skal bruka sesongen i Fana til å spela seg i form etter nesten eitt år med skadeproblem.

Går på lån til Fana

Fredrik Heggland (20) skal spela 2016-sesongen for Fana. Osingen som har slite med menisken i nesten eit år, ønskjer speletid, for å koma seg tilbake i form.

- Det har vore tøft å gå skadd så lenge. Eg er ganske sikker på at eg skal klara å forsvara ein plass i startelleveren til Fana når eg kjem i form. Speletid er viktig for meg framover, seier Heggland og legg til:

- Eg har ikkje gitt opp håpet om å spela fast for Brann. Eg har kontrakt i to år til, og skal kjempa vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håpar å vera ferdig med skader

For nesten eitt år sidan blei han skadd i menisken. Heggland måtte opererast, før han starta å trena seg opp att. Rundt nyttår måtte han under kniven igjen, då menisken framleis ikkje var heilt god.

- Det sett meg langt tilbake. No håpar eg at eg er ferdig med skader for ein god stund, seier han.

Andre klubbar i bilete

Det var andre klubbar som også ønskte seg osingen. Heggland er trygg på at 2. divisjonsspel med Fana er det beste for han no.

- Eg valte Fana då eg liker opplegget deira, og fordi eg ønskjer speletid. Trenaren kjenner eg også godt.

- Kva med Os, var det eit alternativ?

- Eg skulle gjerne spelt for Os, men dei skulle vore litt høgare i divisjonssystemet, seier Heggland.

Osingen skal i år blant anna få bryna seg på nyopprykka Lysekloster.

- Var dei inne i biletet med tanke på klubbval denne sesongen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei. Dei har eg ikkje vore i kontakt med. Skulle eg spelt for nokon i bygda, måtte det ha blitt Os. Elles ville eg ikkje fått middag heime, seier han og ler.

- Skal få han tilbake til toppfotballen

Sportsleg leiar i Fana Fotball, Mads Vik Tvedte, fortel at klubben skal få Heggland tilbake til toppfotballnivå igjen.

- Fredrik er ein målretta og profesjonell type. Han kjem til å gjera den jobben som krevst for å koma tilbake etter skadeopphaldet, seier Tvedte og legg til:

- Eg er trygg på at han kjem til å levera for oss, og at me kan levera han vidare til eit høgare nivå. Slik er vår profil og tankegang i forhold til spelarutvikling. Dette er ein avtale som eg er sikker på at alle partane er godt nøgde med.