Martin Femsteinevik er framleis sjuk og må difor stå over helgas Noregs Cup i Mo i Rana. (Arkivfoto)
Martin Femsteinevik er framleis sjuk og må difor stå over helgas Noregs Cup i Mo i Rana. (Arkivfoto)

Går glipp av siste kvalik-sjanse for E-cupen

Martin Femsteinevik er blitt sjuk og må stå over Noregscup-runden i Mo i Rana. Dermed vert det ingen fleire E-cup-turar på han denne sesongen.

Etter ein bra start i E-cupen (IBU) rauk Martin Femsteinevik ut av IBU-laget før jul. Sidan då har 22-åringen hatt som mål å gå seg inn igjen på laget så snart som mogleg. Det må han dessverre sjå langt etter no.

- Det er veldig surt. Med ein andreplass og ein 15. plass under Noregscupen i Markane var eg verkeleg på gang igjen. Dersom eg hadde gjort det bra i Mo i Rana no til helga, kunne ein ny IBU-tur stått for tur, men slik vert det altså ikkje, sukkar Hålandsdal-utøvaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Influensa

Martin Femsteinevik er nemleg blitt sjuk og er ikkje i stand til å delta i Noregscupen i Mo i Rana. Ungguten håpa i det lengste å kunna delta, men måtte tidleg denne veka innsjå at han ikkje var i slag til å gjera nokon god figur.

- Eg har nok hatt ei form for influensa. Eg fekk feber sist fredag og var slapp og sjuk gjennom heile helga. På måndag innsåg eg at eg ikkje kom til å bli frisk nok til å prestera til helga. Det var berre å kasta inn handkledet, seier Martin.

Dermed må han snu litt om på prioriteringane ut sesongen.

Bjarte Solvang er klar og får truleg gå for Hordaland sitt førstelag på miks-stafetten i NM søndag. (Arkivfoto)
Bjarte Solvang er klar og får truleg gå for Hordaland sitt førstelag på miks-stafetten i NM søndag. (Arkivfoto)

- Det blir å trena seg opp til ein ny formtopp. Så får eg gje jernet undet NM på Dombås helga etter påske, seier han.

Tre til Mo i Rana

Ettersom heller ikkje Raghild Femsteinevik stiller under NC-renna i Mo i Rana, er det berre tre HIL-løparar som skal i aksjon. Dette er Bjarte Solvang, Trygve Vangsnes og Ingvild Berlandstveit.

- Ragnhild har vore i VM i Romania og var ikkje klar for nytt renn så kjapt etter turen. Me får håpa Bjarte, Trygve og Ingvild gjer det bra, seier Martin.

Søndag er det NM i miks-stafett. Martin trur Bjarte får gå for Hordaland-seniorane sitt førstelag.

- Utanom meg er vel Bjarte den herresenioren i Hordaland som har gjort det best. Eg håpar han får gå for førstelaget, og at han og makkeren gjer det bra, seier Martin Femsteinevik.