Os Orienteringsklubb inviterer til deltaking i verdsrekordforsøk onsdag.
Os Orienteringsklubb inviterer til deltaking i verdsrekordforsøk onsdag.

Går for verdsrekord

Os Orienteringsklubb er med på eit verdsrekordforsøk som går av stabelen onsdag. - Vi håpar sjølvsagt på stort oppmøte, seier leiar i klubben Tommy Sævareid.

Onsdag 11. mai vert det løpt orientering i 73 land, og på alle kontinent.

- På meir enn 1.500 stader vert det arrangert orienteringsakvitieter for å gje unge spanande orienteringsopplevingar. Målet er også å setja verdsrekord i talet menneske som løpar orientering med meir enn 250.000 deltakarar, seier Ivar Haugen i Norges Orienteringsforbund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stor aktivitet frå nord til sør

I Noreg blir det orienteringsaktivitetar meir enn 100 stader. Aktivitetane går føre seg på skular og i nærmiljøet.

- Det blir aktivitetar i hele landet, frå Alta i nord til Kristiansand i sør, seier Haugen.

Blant anna Os Orienteringsklubb er med på rekordforsøket.

- Det er ikkje mykje som skal til for å blir registrert i rekordforsøket, seier Sævareid.

- Vi har laga til kjegleorientering og brikkeløp på Kyrkjeflata. Ein kan også vera med på orienteringstur, med nokre postar rundt om kring. I tillegg sett vi ut ein post på moloen og ein ved Os barneskule. Om ein oppsøkjer dei, og registerer seg i løpet av veka, er også det godkjent i rekordforsøket, seier Sævareid.

Hegglandsdalen skule stillar

Os Orienteringsklubb har invitert alle skular i Os. Førebels er det berre Hegglandsdalen som har takka ja.

- Dei stiller med 70 elevar pluss lærarar. Om det er fleire store lag eller skular som vil vera med, er det fint om vi får beskjed, elles kan det bli for mange på ein gong på Kyrkjeflata, seier Sævareid.