Frå svakaste lag til seriemeistrar
Eikelandsfjorden jenter 13 har hatt ei enorm utvikling denne sesongen. Frå å vera sist i vår, avslutta dei søndag sesongen som seriemeistrar.
Jenter 13-laget til Eikelandsosen fekk det ikkje til å stemma all verda før ferien. I juni avslutta dei vårsesongen på sisteplass i avdelinga. Men etter ein god skuleferie, byrja ting å gå så mykje betre.
- På dette nivået spelar dei i ulike avdelingar vår og haust. Det kjekke for våre jenter var at dei fekk høve til å starta opp med blanke ark. Det gjorde dei godt. Samstundes tok dei seg kraftig saman og trena langt betre utover hausten. Det gav resultat, fortel trenar Stig Tveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vann med tre poeng
Søndag krona fusingane ein svært sterk haustsesong med å slå Stanghelle 8-1 i bortekamp på Dale.
- Det var ei herleg avslutning. Alle bidrog godt, og sigeren var nok til at me vann serien i 2. divisjon avdeling 4, fortel Tveit.
Med seks sigrar, éin uavgjort og to tap vart det 19 poeng på dei raudkledde. Det var tre poeng meir enn nest beste lag, Nymark.
- Eg er svært stolt av den utviklinga me har hatt i laget. Me har hatt 14 jenter som verkeleg har vist seg villige til å trena hardare og tøffare for å få ei positiv utvikling. Då er det ekstra kjekt når me får høve til å avslutta med seriemeisterskap, seier Tveit.
Han takkar også Egil Rise for hjelpen med å leia årets jenter 13-lag i Fjord'n.