Frå himmel til helvete for Lysekloster
Med 20 minutt att å spela stod det 3-0 til Lysekloster over Åsane, og heimelaget såg ut til å ta seg greitt vidare til tredje runde i cupen. Men Åsane hadde andre planar.
Lysekloster fekk sine sjansar primært på overganger i førsteomgang, der Åsane var det førande laget. Til pause var det likevel heimelaget som leia etter at Hans-Christian Nysæther venda vekk oppassaren sin etter 39 minutt, og sende ballen i nettet til venstre for Åsane-keeper Andreas Søreide. Det er smått utruleg at Åsane ikkje utlikna kort tid etter. Først ved eit frispark som gjekk via Lysekloster-keeper Ole Kristian Olsen, i stolpen, og rulla langs mållinja før Espen Birkeland fekk ballen unna. Eit halvminutt etter rulla ballen nok ein gong langs mållinja. Åsane hadde ballen i mål, men det blei blåst for angrep på keeper, og Lysekloster kunne gå til pause i føringa.
Leidde 3-0 etter 70 minutt
Lysekloster gjekk rett i angrep i andreomgang, og var nære på å skåra etter ti sekund(!). Christer Olsen kom gjennom åleine med keeper, men frå skrått hald måtte han sjå ballen rulla til side for Åsane-målet. Det tok ikkje lang tid før neste mål kom, og nok ein gong var det heimelaget som var frampå. Tommy Gaustad fekk ein enkel jobb med å trilla ballen i ope mål. Etter 64 minutt måtte Simen Lassen ut med skade, inn kom ein annan osing, Vegard Leikvoll Moberg. Samstundes gjorde Lysekloster eit byte; Ståle Steen Sæthre inn for Thomas Helland. Steen Sæthre meldte på førehand at han skulle koma inn og skåra, og innbytaren brukte ikkje lang tid på å markera seg. Etter 70 minutt kom heimelaget på ein overgang. Steen Sæthre fekk ballen på venstresida og skar innover i banen. Frå om lag 23 meter lada han kanona og sendte ballen i mål via stolpen. 3-0 til Lysekloster! Eit par minutt seinare reduserte Åsane til 3-1 etter eit hjørnespark. Det skulle visa seg å vera starten på ei formidabel opphenting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utlikning i 90. minutt
For bortelaget gav seg ikkje med reduseringa. Eit par minutt seinare låg ballen nok ein gong bak Olsen i Lysekloster-buret, og etter 90 minutt var opphentinga komplett. Kampen gjekk dermed til ekstraomgangar. Seks minutt ut i første ekstraomgang kom innbytar Geir Andre Herrem åleine med Olsen. Han lobba over keeper, via tverrleggjar og i mål. Same mann kom i ein nesten identisk situasjon heilt på tampen og auka til 5-3 for Åsane med si tredje skåring for dagen. Lysekloster køyrde på i andre ekstraomgang, og hadde fleire sjansar til å skåra, men det ville seg ikkje. I staden var det Åsane som sette den velkjende spikaren i kista. Heile 6-3 blei det til slutt for Åsane.
Laga:
Lysekloster: Ole Kristian Olsen, Gojko Ivkovic, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Aleksander Andersen, Espen Birkelund, Baste Jonassen, Hans-Christian Nysæther, Thomas Helland, Tommy Gaustad og Christer Bergesen Olsen.
Innbytarar med speletid: Martin Eidsvik, Ståle Steen Sæthre og Sigve Rørstad.
Åsane: Anderas Søreide, Eirik Wollen Steen, Jahn-Ove Wiik, Marcus Stueland, Joakim Hammersland, Peter Aase, Sindre Austevoll, Simen Helland Lassen, Stian Nygaard, Joachim Soltvedt og Mads Bjørsvik Songve.
Innbytarar med speletid: Kristoffer Nesse Stephensen, Vegard Leikvoll Moberg og Geir André Herrem.
Målskårarar:
Lysekloster: Hans-Christian Nysæther 1-0, Tommy Gaustad 2-0 og Ståle Steen Sæthre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åsane: Kristoffer Nesse Stephensen, Joachim Soltvedt, Geir André Herrem (3) og Joakim Hammersland.
Gule kort:
Lysekloster: Hans-Christian Nysæther, Denis Ljubovic.
Åsane: Eirik Wollen Steen, Mads Songve, Åsane.
Tilskodarar: 582