Fotballcup med kviletelt
122 lag er klare for helgas fotballcup på Kuventræ. Eitt sovetelt skal syta for at spelarane kan henta seg inn mellom kampane.
Eat Move Sleep Cup er Norges Fotballforbund, BAMA og Yt sitt nye satsingsprosjekt for barnefotball. Cupen overtek stafettpinnen etter det som tidlegare vart kalla Bendit Cup.
- Det er stort for oss i Os Turn å få arrangera ein cup under dette mottoet. Det at born får tilrettelagt passande trening og kosthald og får nok søvn, er noko eg både som far og som idrettsleiar ser er viktig, seier leiar i fotballgruppa til Os Turn, Erlend Eidhammer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gode "cup-fasilitetar"
Os Turn er ein av 38 klubbar i Noreg som får arrangera EMS-cup i år. Når cupen går av stabelen til helga, er fleire nye "cup-fasilitetar" på plass.
- Me er pålagde å setja opp eit stort telt med kvileplassar i. Dette for å syta for at borna får høve til å ta seg inn att mellom kampane. I tillegg vert det sett opp eit eige telt der det vert servert sunn og energifulle mat, forklarar arrangementsansvarleg Endre Brenne.
Han reknar med at godt over 100 frivillige er i aksjon for å losa cupen vel i hamn på laurdag og på søndag.
- Mange foreldre skal hjelpa til som vakter, i kiosken og på parkeringsplassane rundt. Elles stiller gutar 14-laga som dommarar, fortel Endre.
Tre kampar kvar
Tradisjonen tru spelar alle lag tre kampar kvar.
- Alle laga får alle sine tre kampar på ein og same dag, seier Brenne.
Søndag vert cup-dagen avslutta med A-kamp.
- Då tek A-laget imot Nest-Sotra 2. Me håpar sjølvsagt at mange vert igjen og heiar fram laget, seier Brenne, som framleis slit med skade og difor ikkje er med i troppen denne gongen.