Forsvarte EM-gullet
Anders Mol og Christian Sørum vann EM-finalen i sandvolleyball i Moskva søndag.
Sandvolleyballduoen møtte russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov på heimebane, men Mol og Sørum viste ingen nåde. Første sett vart vunne enkelt 21-12. Andre sett var jamnare, men også i dette settet, greidde nordmennene til slutt å dra i frå. Dermed vart EM-gullet sikra med 21-18-siger i andre sett.
– Vi er superhappy over å forsvara tittelen, sa Christian Sørum i det offisielle TV-intervjuet etter kampen.