Første trening med Wolverines
I kveld hadde Eivind (12) og Johan (12) si første trening på juniorlaget til Os Wolverines. Trenaren ønskjer å byggja eit sterkt lag att - takling for takling.
- Eg har sett amerikansk fotball på TV, og syntest det såg gøy ut, sa Eivind Haga Haukedal etter si første trening med Os Wolverines.
- Var det gøy, då?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, men litt slitsomt når me måtte hoppa opp og ned 20 gonger på slutten, seier Johan Døsen Borge.
Å takla smerte må lærast
Trenaren deira, Alexander Brinchmann-Hansen, seier at han lærer opp dei ferske rekruttane til å takla smerte. - Dei må læra seg skilnaden på å få vondt og å bli skadd. For du kjem til å få vondt. Det blir blåmerke og skrubbsår, seier Brinchmann-Hansen som også er aktiv spelar i Åsane.