Førebilete i Fusa-idretten vart heidra med æresprisar
Helene Åsmul Kilen frå Eikelandsfjorden idrettslag og Vidar Hjartnes frå Hålandsdal idrettslag er tildelt Fusa idrettsråd sin ærespris for 2016. Årets idrettsstipend gjekk til stortalentet Anni Skåtun som konkurrerer i karate på internasjonalt nivå.
Prisane var delte ut i Sparebanken Vest sine lokale i Eikelandsosen tysdag. Fusa idrettsråd står bak utmerkingane som går til trufaste slitarar i Fusa-idretten. Idrettsrådet deler også ut eit årleg idrettsstipend til unge talent.
Grunna mange gode forslag til kandidatar valde idrettsrådet å dela ut to prisar i 2016.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vinnande vesen
Helene Åsmul Kilen vart tildelt ærespris for sin innsats som lagleiar i fotballgruppa til Eikelandsfjorden idrettslag. I si innstilling har Eikelandsfjorden idrettslag lagt vekt på at Helene har eit enormt engasjement kombinert med eit vinnande vesen, og ei positiv og løysingsorientert haldning.
I følgje leiaren i EIL, Richard Markhus, har denne framferda påverka både aktørane kring laget og heile klubben. I så måte er ho, i følgje Markhus, eit strålande førebilete for alle lagleiarar.
Leiar i Fusa idrettsråd, Liv Nyheim Kilen, delte ut diplom, blomar og ein gåvesjekk på 1000 kroner som takk for 10 år som lagleiar og lagbyggar i Eikelandsfjorden idrettslag.
Primus motor
Den andre æresprisen gjekk til Vidar Hjartnes. Han var innstilt av Hålandsdal idrettslag og fekk prisen for sitt årelange arbeid både som trenar og tillitsvald.
Vidar har vore trenar for rekruttane i skiskyttargruppa, samstundes har han vore ein primus motor bak bygging og drift av Bygdastølen ski- og tursenter og rulleskibanen på Holdhus. Han har også vore leiar i Hålandsdalen idrettslag og vore aktivt med i Hordaland skiskyttarkrets sitt arbeid m.a. i etableringa av det nye kretslaget Team Gla'laks. I tillegg har han også vore med i Fusa idrettsråd over fleire år.
I følgje leiar i Hålandsdal idrettslag, André Bjørndal, har Vidar gjort ein uvurderleg innsats for idretten i Fusa. Vidar Hjartnes var sjølv ikkje til stades under utdelinga, men vil bli heidra ved eit passande høve seinare i vinter.
Merittert 17-åring
Idrettsstipendet er eit samarbeid mellom Fusa idrettsråd og Sparebanken Vest. I år gjekk stipendet til karateutøvar Anni Skåtun frå Fusa karateklubb. Banksjef Anja Riise var tydeleg imponert når ho las opp Anni sin medaljefangst nasjonalt og internasjonalt. Trass i at ho berre er 17 år, er Anni i dag forbundet sin mest meritterte utøvar med i alt 11 internasjonale medaljar.
- Du er eit flott førebilete for alle i klubben din og heile Fusa-idretten. Eg synes det er kjempefint at du også engasjerer deg som instruktør i klubben din, samstundes som du satsar for å nå lengst mogeleg i din eigen karriere, sa Riise før ho delte ut stipendet på 10.000 kroner på vegner av banken og Fusa idrettsråd.
Artikkelen held fram under annonsen.