VM-løp: Bård Alfred Monsen følgde med på Erling Øyasæter sitt VM-løp frå dommarbua ved Ulvenvatnet.

Følgde Øyasæter frå teltet: — Dette kan det bli OL-deltaking av

Midt under UM i roing på Ulvenvatnet, rodde Os Roklubbs største utøvar B-finale i VM. Bård Alfred Monsen fekk det med seg på telefonen.

— Det var surt. Erling (Øyasæter) og dei låg på andreplass i heile løpet, men blei slått av to båtar på dei to siste åretaka. Det var synd, sukkar Os Roklubbs tidlegare landslagsutøvar Monsen.

— Du var tidlegare den utøvaren frå Os Roklubb som hadde drive det lengst. No er du vel slått?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, med dobbeltfiraren tok Erling og dei seg til B-finalen. Det er meir enn eg noko sinne klarte. I VM-samanheng var C-finale det lengste eg kom, konstaterer Monsen.

Les også
Rekorddeltaking i UM og Ulvenregattaen: — Dette er overveldande
Les også
— Eg kjem sterkare tilbake. Eg skal bli god

Under UM og Ulvenregattaen på Ulvenvatnet laurdag var Monsen hanka inn som tidtakar og dommar. Han klaga ikkje på forholda.

— Fint vêr og mange unge utøvarar. Det er fin dugnad, dette, smilte Monsen.

— Men fjerdeplass i B-finalen. Det er vel endå eit stykke opp?

— Dette lovar uansett veldig bra for neste sesong. Dobbeltfiraren som Erling sat i, er nykomponert. Dei er likevel berre nokre hundredelar frå å ro inn til andreplass i B-finalen. Dette luktar OL-deltaking om nokre år, slår Monsen fast.

På mobilen: Rosjef Lars Erik Jansen og leiar i Os Roklubb, Gitle Lunde, følgde Øyasæter sitt løp på mobiltelefon.

Lurte seg til å sjå

Han var ikkje åleine om snika seg til å få med seg Øyasæter sitt VM-løp frå Racice i Tsjekkia. Også rosjef i Os Roklubb, Lars Erik Jansen, klarte å få nokre minutt til å sjå B-finalen.

— Steike, dei ligg på andreplass heile vegen og er til slutt berre fem hundredelar bak tredjeplassen og 14 hundredelar bak andreplassen. Det var synd. Men det er likevel råsterkt, meiner Jansen.

— Dette lovar godt for neste år?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Ja, det gjer det. I semifinalen var dei berre sju sekund bak den italienske båten, og der ligg lista. Det er heilt i verdstoppen. Med litt meir samkøyring inn mot neste år, trur eg Øyasæter og gutane klarer å kvalifisera seg til OL, seier Jansen.