Fire strake EM-gull: Mol og Sørum blei historiske
Det blei ein jamn finale, men med ei fantastisk avslutning, gjorde superduoen seg fortent til nok eit EM-gull.
Anders Mol og Christian Sørum reiste rett frå OL-gull i Tokyo til Wien i Austerrike for å tevla i europameisterskapen i sandvolleyball.
I finalen venta nederlandske Stefan Boermans og Yorick de Groot. I fleire av kampane har den norske duoen hamna bakpå, men kjempa seg til sigeren. I finalen tok Mol og Sørum første stikk då sistnemnde sytte for 21-19 med ein kontant smash.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei eit dramatisk andre sett, som til slutt gjekk i favør nederlendarane, med settsifra 26-24.
Det såg skummelt ut i det tredje og avgjerande settet då Mol og Sørum hamna under 8-11, men dei to avslutta fantastisk og snudde til 15-12-siger.
Med det klarte dei to det ingen andre har gjort før dei, nemleg å vinna fire europameisterskap på rad.
— Vi er veldig glade for at vi valde å dra hit, og fekk spela framfor dykk, sa Anders Mol, og viste til publikum.
— Vi elskar dykk og vi har ikkje lyst til å tapa — spesielt ikkje framfor eit slik publikum, sa han etter kampen.