Femteplass i GP-stemne i England
Søndag gjekk Joakim Sælen inn til femteplass i eit Grand Prix-stemne i Bedford i England.
GP-stemnet i Bedford var eit ope landskampsstemnet. Distansen for kappgjengarane var 20.000-meter - ein distanse Joakim aldri tidlegare har gått på bane.
Men 22-åringen gjennomførte eit bra løp. Med tida 1.33,32 vart han nummer fem, drøye fem minutt bak medaljeplass.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vinnar vart Lebogang Shange frå Syd-Afrika.
På treningsleir
Komande måndag reiser Joakim på treningsleir til Stockholm i lag med fleire andre friidrettsutøvarar frå TIF Viking. Neste konkurranse for norenesingen vert friidretts-NM i Haugesund i slutten av juli. Då går han 5.000 m.