Klas Færøvik på veg mot Fonnabu på nær 1.500-meters høgde. Osingen vart nummer fem i løpet.
Klas Færøvik på veg mot Fonnabu på nær 1.500-meters høgde. Osingen vart nummer fem i løpet.

Femteplass i Folgefonna opp

Med langt høgare terskelpuls durar Klas Færøvik av garde. I helga tok han femteplass i Folgefonna opp.

Det er gått fire år sidan Klas Færøvik for alvor byrja å trena og la løpsøktene til fjella rundt Nore Neset. Først no meiner 46-åringen at han kan kalla seg fullblods bakkeløpar.

- Med rimeleg bra motor kunne eg kjapt hevda meg i kortare distanseløp i flate løyper, men i skikkelege bakkeløp tek det tid å bli sterk nok. Det handlar om langt meir enn kondisjon. Ein må ha utvikla dei rette musklane for å koma seg fort oppover bakkane, poengterar Færøvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Psykisk opptur

Nær hundre sprekingar var i aksjon under Folgefonna opp laurdag. Løpet er 11,3 kilometer langt, og tek ein frå Sundal til toppen av Fonnabu på vel 1.450 meters høgde.

- For meg var dette eit svært bra løp. Eg nytta same taktikk som eg gjorde under Skåla opp for to veker sidan - starta roleg og auka på etter kvart, fortel Færøvik.

Taktikken er fin, også reint psykisk.

- Det gjev ein god kjensle å la folk dra av garde, for sidan å plukka ein etter ein, og i tillegg vita at ein har meir å gå på, fortel osingen.

Denne sommaren har han auka terskelpulsen - altså den pulsen ein kan liggja lenge på - mange hakk.

- Tidlegare kunne eg maks liggja lågt på 160-talet. No er terskelpulsen min over 170. Då kan ein sjølvsagt også springa fortare, seier Klas.

Med 2,5 kg vekt på ryggen nådde han toppen på 1.36,18. Det heldt til siger i klassen for herrar 45-49 år, og femteplass totalt.

Vinnar vart Oddmund Roaldkvam frå Stord IL. Han sprang i mål på 1.29,55.

Artikkelen held fram under annonsen.

Færøvik var ikkje einaste osing i aksjon.

- Valter Midtsæter gjorde eit bra løp. Han sprang på 1.45,42 og vart med det nummer ti totalt, fortel Færøvik.

Tett program

Opptur Motbakkeløpar Færøvik har eit tett og tøft program utover hausten.

No onsdag er det klart for Knarvik EXtrem. Sidan vert det Hardangervidda fjellmaraton neste laurdag, før han stiller i Munketreppen i Lofthus.

- Det er mange harde løp, men det er moro, seier Færøvik.