Fem strake for Lysekloster
Lysekloster tok tre sterke bortepoeng i dag mot Vard-Haugesund, og står med fem strage sigar i 2. divisjon.
Vard-Haugesund hadde mykje ball, men dei klarte ikkje å skapa særleg med sjansar på Lysekloster, som verkeleg har funne flyten. Etter ein forferdeleg start med seks tap på rad, har Lysekloster no tatt 15 av 15 moglege poeng.
- Forsvaret er pottetett. Dei har mykje ball, men kjem seg berre til to eller tre reelle sjansar i løpet av kampen. Det var ein fortent siger, seier Svein Kollen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mista aldri trua
Hans-Christian Nysæther gav Lysekloster leiinga etter ein dødball ti minutt inn i andreomgang.
- Vard-Haugesund redda på strek etter ein dødball, men Hans-Christian var først på andreballen og sette inn 1-0, seier Kollen.
Då det stod att tre minutt av ordinær tid, tok Ståle Steen Sæthre eit hurtig frispark, og fann spissmakker Tommy Gaustad som dobla leiinga. Fleire mål kom det ikkje i kampen, og Lysekloster reiser heim med nye tre poeng i bagasjen.
- Vi er vel over streken for første gong i år. Det er ein prestasjon å vinna fem på rad etter den starten vi hadde. Vi mista ikkje trua, men gjekk heller i kjellaren alle mann, seier Kollen.
- Kjem til å bli eit rotterace
Neste helg kjem Frigg til Lysefjorden for å kjempa mot formlaget i 2. divisjon.
- Vi går for tre nye poeng. Vi må berre halda fram no. Det kjem til å bli eit rotterace om å halda plassen, men den kampen er vi klare for å ta, seier Kollen.
Laget som starta:
Ole Kristian Olsen, Ola Sjømæling, Denis Ljubovic, Gojko Ivkovic, Baste Jonassen, Martin Eidsvik, Sindre Flaa, Joakim Hjelmeland, Hans-Christian Nysæther, Tommy Gaustad og Ståle Steen Sæthre.