Fem deltakarar - fem medaljar
Vestlandsmeisterskapen i ITF Taekwon-do i Laksevåghallen i helga var ein suksess for Os Taekwon-do klubb. Klubben stilte med fem deltakarar, og sikra seg heile tre gullmedaljar og to bronsemedaljar.
- Dette må klubben seia seg veldig godt nøgd med, seier leiar i Os Taekwon-do klubb, Jan Rune Sund.
Deltakarane som var i elden i Laksevåghallen laurdag var Roger Slettstrand, Øystein Flint, Synne Brunvoll, Joakim Bertelsen og Frank Sebastian Sperrevik. I tillegg stilte Sund sjølv som dommar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Frank Sebastian og Synne tok begge gull i sparring (kamp) i klassene yngre junior raudt og svart belte, seier Sund og legg til:
- Dei gjorde det veldig bra. Dei måtte gjennom i alle fall tre kampar kvar, og hadde god kontroll begge to.
Det var første gong Brunvoll deltok i meisterskap med svart belte. For Sperrevik var det først gong han deltok i meisterskap overhovud. Med andre ord: Duoen presterte over all forventning.
- Dei klarte å halda nervane under kontroll, og hadde fine treff både i kropp og hovud. Sjølv om vi håpa på at dei skulle gjera det bra, hadde vi ikkje forventa gull. Eg er veldig imponert over innsatsen deira, seier klubbleiaren.
Detaljane skil
I tillegg til medaljane til dei to juniorane, tok Øystein Flint gull i mønster og bronse i sparring.Flint deltok i klassen senior (over 18 år) raudt belte.
- Eg fekk diverre ikkje høve til å sjå kampane hans, men han fekk mykje ros frå dei andre dommarane. Gullmedaljen hans i mønster viser kor viktig det er å trena på detaljar, seier Sund.
Den femte og siste medaljen gjekk til Roger Slettstrand. Han konkurrerte i klassen for dei over 29, og sikra seg bronse rundt halsen.
- For vår del har vestlandsmeisterskapen vore ein kjempegod oppkøyring fram mot NM, seier Sund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noregsmeisterskapen går av stabelen i Haukelandshallen første hega i november. Då skal dei fem deltakarane frå klubben i elden igjen, og kanskje nokre fleire også.
- Fram mot NM kjem vi til å ha meir fokus på dei øvingane dei skal ha i konkurransen. Det vil seia sparring, samt fokus på detaljar når det gjeld mønstergåing. Vi pirkar mykje, men i NM er det såpass tett at det er detaljane som skil dei beste frå dei nestbeste, fortel Sund.
Utøvarane til Os Taekwon-do klubb har ikkje konkurrert så mykje tidlegare. Hovudfokus blir difor at utøvarane skal sitja att med ei god kjensle.
- Målet er at dei skal vera nøgde med eigen innsats. Om dei gjer det så bra i NM at dei får medalje, så er det ein bonus. Det viktigaste for klubben er gode prestasjonar og erfaring frå konkurranse, seier Sund.
Kontinuerlig opptak
Per i dag tel Os Taekwon-do klubb om lag 110 medlemer. Desse er fordelt på tre parti: to barneparti og eitt vakse- og ungdomsparti.
- Rekrutteringa er bra, men vi har både kapasitet og lyst til å ta i mot fleire, seier Sund og legg til:
- Vi har kontinuerleg opptak, så dersom det er nokon som har lyst til å prøva seg er det berre å koma på treningane på Os barneskule.