Fekk tre baklengs på overtid
Etter ein fin start på sesongen landa Eikelandsfjorden hardt og brutalt på jorda denne helga.
- Vi fall saman etter at vi fekk 3-0 mot oss, seier Eikelandsfjorden trenar, Knut Hjertnes.
- Tullete mål å gje vekk
I serieopninga sist helg, hamna Eikelandsfjorden under 1-0 heime mot Tornado Bergen,men snudde og vann 3-1. I årets første bortekamp gjekk det ikkje fullt så bra. Eikelandsfjorden låg under 1-0 til pause mot NHH 2.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi hadde eit par gode sjansar i førsteomgang. I andreomgang bestemte vi oss for å pressa høgare. Det såg greitt ut i starten, men NHH kom på ein overgang og auka til 2-0, seier Hjertnes.
Med om lag eit kvarter att av kampen auka heimelaget til 3-0, og på overtid kom det tre til.
- Dei tre siste var tullete mål å gje vekk. Slik er det bare. Vi satsar på å reisa oss til fredag, seier Hjertnes.
Fredag ventar ein ny heimekamp, då Galgen kjem på besøk.