Fekk toppdommarlisens i Sotchi
Vidar Mjånes er kvalifisert for å dømma kata på øvste nivå i Europa.
KARATE: Kring 100 karatedommarar frå heile Europa var i helga og siste veke samla i Sotchi for å døma junior-EM allstyle, samt gjera seg fortente til dommarlisensen «Judge B» for internasjonal dømming av allstyle karate. Berre ein tredel av dommarene bestod testen. Osingen Vidar Mjånes bestod testen for å dømma kata.
– Me er veldig stolte over det Vidar har prestert. Å ha ein topp, internasjonal dommar i klubben, er ein stor ressurs for oss som klubb, seier Sensei i Os Karateklubb, Cato Bruarøy.
Artikkelen held fram under annonsen.
For alle stilartar
49 år unge Mjånes fortel om ein tøff veg fram til den etterlengta lisensen, veker med førebuingar, og ei helg med workshop saman med gode dommar-kollegaar i Oslo.
– Me hadde fullt program. Tre dagar med teori og praksis, pluss eksamen, etterfølgd av ei heil helg med dømming av sjølve meisterskapen.
– Kva var mest vanskeleg?
– Tøffast var det å prøva å få lisensen som dommar i kamp. Det var det få som klarte. Også kata-delen var vanskeleg, men her var eg altså blant dei par og tredve prosenta som lukkast og bestod, fortel Vidar.
– De må kunna og forstå alle typar stilartar?
– Ja, dette er ein lisens utskriven av World Karate Federation. Under testinga måtte me visa at me kunne skilja dei ulike stilartane frå kvarandre og vita korleis dei skal utførast. I slike stemne er det svært høgt nivå på utøvarane, og det kan vera veldig små detaljar som skil kven som vinn og kven som taper, fortel Vidar
Med sin nyerverva lisens er han i dag ein av fire nordmenn som har denne lisensen.
NM-arrangør
Under junior-EM i Ålborg neste år vil Vidar prøva å få dommarlisensen for kamp også. I tillegg vil han prøva å få høgste lisens i kata.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er den såkalla «Judge A»-lisensen. Den heng høgt og er svært vanskeleg å gjera seg fortent til, men eg vil sjølvsagt prøva, seier osingen.
Fram til dess går det slag i slag med karatestemne, dømming, treningsseminar og jubileum.
– Eg har ikkje ei einaste helg fri no framover. Sist helg hadde eg kurs, i helga var eg i Sotchi og no til helga skal eg dømma Vestlandscup og kursa dommarar på Karmøy, fortel Vidar.
– Og laurdag 17. februar skal me feira 35-årsjubileum for klubben. Markeringa finn stad i Røde Kors-huset i Kolskogen, fortel Vidar.
Og som om ikkje det var nok er Os Karateklubb også NM-arrangør i mars.
– Ja, det og blir eit omfattande opplegg. 9., 10. og 11. mars arrangerer me karate-NM i Haukelandshallen. Me har nok å styra på med, ver du trygg, ler Mjånes.
kenneth.svenningsen@osogfusa.no