Fekk motivasjonen tilbake
Kickboksar Ina Grindheim har slite med motivasjonen etter ryggproblema den siste tida. I V-cupen i Italia fekk ho att gneisten.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Ina Grindheim har 12 sesongar bak seg i verdstoppen i kickboksing. I helga var ho i aksjon i eit V-cup-stemnet i Italia. Opplevinga gav ho ein real opptur.
- Eg må vedgå at eg hadde ei kjensle av at denne turneringa kunne bli min siste på internasjonalt nivå, men etter eit såpass vellukka stemne vel eg å satsa litt til, seier Grindheim.
Ho kjempa seg til ein sterk sølvmedalje i -65 kg-klassen. Dette er blant dei største vektklassane i V-cupen. På vegen til finalen slo ho mellom anna ut ein tidlegare europameister.
Ingen smerter
Den erfarne jenta frå Pointfighter Kickboxingklubb i Oslo har slitt med ei utgliding i ryggen. Dette har gjort det vanskeleg å trna nok til å kjempa i toppen den siste tida. I Italia kjente ho lite til skaden.
- Eg var ikkje plaga med ryggen denne helga, så no er eg klar til å satsa fram mot neste VM, seier Ina.
Ho deltok også i Open klasse. Her kom ho til kvartfinalen.