Stian Lunde skåra Os´ einaste mål i 4-1-tapet for Bjarg på Stavollen i dag. (Arkiv
Stian Lunde skåra Os´ einaste mål i 4-1-tapet for Bjarg på Stavollen i dag. (Arkiv

Fekk det tungt mot Bjarg

Etter 3-1-tapet for Varegg i onsdag, skulle Os tilbake på vinnarsporet mot Bjarg på Stavollen i dag. Det gjekk ikkje etter planen.

Alt etter fire minutt låg ballen bak Andrew Todd i Os-buret, og verre skulle det bli. Bjarg var godt organiserte, og utnytta mykje slurv i Os-laget, i følgje rapportane.

Redusering frå Lunde

Etter 27 minutt gjekk heimelaget opp i 2-0, og publikum på Stavollen fekk meir å jubla for då Enrique Søvik putta 3-0 etter 33 minutt. Stian Lunde reduserte for Os etter pasning frå Øystein Takle Eide fem minutt før pause, men nærare kom ikkje Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

To strake tap

Fem minutt ut i andreomgang blei heimelagets Paal Brakstad tomålsskårar og heimelaget leia 4-1. Fleire mål kom det ikkje i kampen, og Bjarg kunne jubla for sin første siger på fire kampar. Os står no med to strake tap.

Laget som starta:

Andrew Todd, Christoffer Hevrøy, Adrian Valle, Torkel Hjertnes, Knut Haga, Torgeir Lunde, Rafael Villén, Emil Halver, Marius Mikkelsen, Øystein Takle Eide og Stian Lunde.