Fekk det tøft i serieopninga
Både Nore Neset og Søfteland tapte i første seriekamp.
I ein sjansefattig kamp mot Djerv fredag, måtte Søfteland reisa heim utan mål og utan poeng.
- Det var eit litt nervøst preg over kampen. Det første målet var eit draumetreff frå 30 meter. Særdeles vanskeleg for keeper å ta, spesielt med låg sol i andletet, seier presseansvarleg Niklas Linde.
Artikkelen held fram under annonsen.
1-0 stod seg til pause, men i andreomgang dobla heimelaget leiinga.
- Vi fekk ikkje klarert skikkeleg, og ein Djerv-spelar takla ballen i mål. I forkant av målet var ballen ute, men det fekk ikkje linjedommaren med seg. Ingen god kamp av noko av laga, seier Linde.
Lågt press fekk konsekvensar
Nore Neset fekk ballen i mål heile tre gonger i seriepremieren borte mot Sotra 2, men det hjelpte ikkje då dei sleppte inn seks.
- Tapet gav oss ein smakebit på kva vi har i vente i 5. divisjon. Det er utan tvil eit nivå opp frå kva vi møtte i fjor, men vi vart ikkje skremt, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.
På førehand vart trenar og spelarar einige om å liggja seg bakpå og kjenna litt på nivået. Det fekk konsekvensar. Sotra 2 skåra alt etter to minutt.
- Sotra styrte og gjorde stort sett som dei ville i førsteomgang, men på trass av dette utlikna Arvid Rabben etter 27 minutt. Men så slurvar vi, og Sotra puttar to kjappe, seier Sælensminde.
Positiv trass i tap
Anders Kinden reduserte då han pressa keeper til å gjera ein feil, men Sotra putta ein gong til før pause.
- I andre omgang la vi over til høgt, aggressivt press, kombinert med kjappe overganger. Vi skapte mange sjansar, men ballen ville ikkje i mål, seier Sælensminde.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sotra skåra på ein av sine få sjansar, før Rabben putta sitt andre for dagen på overtid. Sotra fastsette sluttresultatet til 6-3 kort tid etter.
- Trass i at det blei tap, vil eg seia at det kan sjå ut som at vi er godt rusta i ein ny divisjon. Vi skal allereie kjempa om tre nye poeng førstkommande fredag. Eg oppmodar alle fotballinteresserte osingar til å ta turen til Nore Neset då, seier Sælensminde.