Fartsglad familie
Håvard Gåssands motorsport-entusiasme har hoppa over ein generasjon, og treft barnebarna. Om ein knapp månad skal Karoline og Kristian i gang med ein ny sesong med rally- og bilcross.
Håvard kjørte sitt siste løp i 2010, etter ca 30 år i gamet. Karoline (20) er alt ein del erfaring som rallycross-førar, og har i tillegg fleire år som bilcross-førar bak seg. Kristian (16) køyrer framleis bilcross, etter at han debuterte som 14-åring.
- Saknar du ikkje å køyra sjølv når du ser barneborna køyra, Håvard?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Jo, klart eg saknar det. Eg har vurdert å vera med nokre gonger, men eg har ikkje tid til det. Men eg føler at eg er med når dei køyrer, og med tanke på all tida eg bruker på dette. Eg plar seia at når dei blir for gamle til å køyra, så skal eg setja meg bak rattet igjen, seier han og ler.
- Vert du like nervøs når dei skal køyra som du var når du sjølv satt bak rattet?
- Det er mykje verre å sjå på. Når eg køyrde sjølv, var eg nervøs fram til løpet starta, så tenkte eg ikkje meir på det. No er eg nervøs fram til dei skal køyra, og så blir det mykje verre når dei set i gang, seier han.
Store kostnader
Kvar veke brukar Håvard over 20 timer av fritida si til å jobba med bilane til Karoline og Kristian. Han har blant anna brukt det siste året på å byggja Karolines nye rallybil. Barneborna er også med og bidreg med eit par "skrudagar" i veka.
- Vi gjer det meste sjølv, men no på vinteren sender vi til dømes motoren min til sørvis og kontroll til ekspertar, seier Karoline.
Det er ingen løyndom at det er dyrt å ha bil- og rallycross som hobby. Utan hjelp frå Håvard, hadde ikkje Karoline og Krsitian kunna halda på slik dei gjer i dag.
- Det går mykje pengar ut i løpet av ein sesong. Det er kostnader med å reparera og vedlikehalda bilane. I tillegg kjem reiseutgifter til ulike delar av landet i samband med løp, seier Karoline.
- Men det er ikkje vi som har utgiftene. Det er han som tar rekninga, seier Kristian og ser på morfaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Går for NM-gull
Om ein knapp månad er det sesongstart for søskena. For Karoline blir det mest sannsynleg hennar siste sesong som junior-rally-sjåfør.
- Eg kan stilla i juniorklassen neste sesong også, men eg trur eg kjem til å stilla i klasse fem til neste år. Det er eit heilt anna nivå enn eg køyrer på no, så det blir spanande.
Ho ønskjer å bruka siste sesong som junior til å ta NM-tittelen.
- No har eg ein andreplass og ein tredjeplass å visa til. Det hadde vore kjekt å vinna, men eg trur det blir tøft. Det er mange flinke sjåførar som denne sesongen kjem frå andre typar motorsport, som til dømes gokart.
For Kristians del er målet å gjera det betre enn i fjor.
- I fjor kom eg på 6. plass i Bergensmeisterskapen og 10. plass i Vestlandsmeisterskapen. Der var det 48 sjåførar som tevla. I år skal eg gjera det endå betre, seier han.
Tidkrevjande
Sesongen varer frå april til midten av oktober, men i denne hobbyen, slik som søskena satsar, varer i grunn sesongen heile året.
- Vi bruker vinteren på å gå skikkeleg over bilene. Det nyttar ikkje å stilla til start i ein ny sesong med ein halvferdig bil, seier Håvard og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er vel noko av grunnen til at Karoline aldri har måtta bryta eit løp.
- Eg har fått motorhavari, men det var heldigvis akkurat når eg kom til mål. Det har hendt at eg har hatt trøbbel med bilen, men eg har aldri brote eit løp.
Karoline har opplevd at bilen har rulla rundt, men ho har alltid landa på dekka.
- Er de ikkje redd for at det skal skje ulukker?
- Nei, det er som morfar seier. Vi er nervøse fram til start, og etter det konsentrerer vi oss fullt om løpet, seier søskena samstemde.