Får kompisane med i V-cupen

Mykje talar for at Sverre Lunde Pedersen får begge treningskameratane sine frå Fana IL med i årets V-cup.

Halvtfusingen Håvard Holmefjord Lorentzen har vore med i V-cupen ei stund. Nytt av året er at 92-årgangens tredje Fana IL-gut, Sindre Henriksen, også ligg an til å få vera med ut i den store skeise-verda.

- Eg har trena med Håvard og Sindre sidan eg var 10 år. At me alle no kan hevda oss internasjonalt er ganske kult. Tre Fana IL-gutar på V-cup-landslaget lèt seg absolutt høyra, seier Sverre Lunde Pedersen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Råsterke løp

Då «Os og Fusaposten» prata med osingen denne veka hadde han eit par dagar igjen av eit treningsopphald i tyske Inzell. Resultata han og Fana-gutane tek med seg heim er absolutt oppløftande.

- Dette var skeitesportens svar på skimønstringa på Beitostølen. Det var ikkje V-cup eller meisterskap, men deltakinga var enormt stor, fortel Sverre.

Han snakkar om sist helgs testløp.

- Med juniorar og seniorar var det sikkert 300 deltakarar.

Sverre gjekk tre råsterke løp. Osingen gjekk til topps både på 1.500 m (1,47,00) og på 5.000 m (6,22,3). Men aller mest gledeleg var det å persa på 1.000 m.

- Eg gjekk kilometer-løpet på 1,09,71. Det er ni tidelar raskare enn min gamle rekord, fortel ein svært nøgd Sverre.

Han legg til at det alltid er moro å lukkast når det er ting ein har jobba spesielt med.

- Heile forsesongen har eg jobba med å få opp maksfarten. Det ser det ut til at eg har lukkast med, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

God nok for V-cupen

Når han kjem heim til Os på fredag vert det nær ei veke med trening i Os og på Slåtthaug. Deretter går turen til Sørmarka Arena i Stavanger der det er V-cup-uttaksløp frå fredag, til søndag.

- Sjølv er eg alt teken ut, men det blir artig å gå likevel. Dessutan blir det spennande å sjå om Sindre Henriksen klarer å kvalifisera seg. I Inzell gjekk han ein råsterk 1.500 m. Med tida 1,47,9 ville han truleg plassert seg midt i A-feltet i V-cupen. Dersom han går like bra i Stavanger, får han nok billett, seier Sverre.

Håvard Holmefjord Lorentzen satsar igjen mest på 1.000, men halvtfusingen vil også gå ein del 1.500 m-løp.

- Det som er kjekt i år er at alle V-cup-løpa går same plass. Det vil altså seia at sprintarane og mellomdistanse-løparane deltek på samme stemne som oss allroundarar. Dette trur eg vil slå positivt ut og syta for at det vert meir publikum, seier osingen.

V-cup i Stavanger

Nytt for sesongen er det at Stavanger også vert tildelt ei V-cup-helg.

- Det blir veldig moro. Hamar er fortreffeleg som meisterskaps-arena, men som V-cup-plass trur eg Sørmarka Arena vil vera heilt super. Stavanger er ein by som er kjent for å å samla godt med folk til store idrettsarrangement, dessutan vert det jo kortare veg for bergensarar og osingar, poengterer Sverre.

V-cupen i 2015/2016-sesongen startar som i forfjor med løp på det amerikanske kontinent. Opninga i år går i Calgary fredag 13. november.