Illustrasjonsfoto av Erik Tysse frå 2015.
Illustrasjonsfoto av Erik Tysse frå 2015.

Erik Tysse på 48. plass

Erik Tysse fekk eit tøft løp i Rio i kveld, og hamna til slutt på ein 48. plass.

Erik Tysse kjempa for Noreg og eiga ære under 20 km kappgang fredag kveld. Til Os og Fusapostenuttalte familien onsdag at det ville vera ein prestasjon dersom Tysse hamna blant dei 20 beste, det høge nivået teke i betraktning. 

Det skulle visa seg å bli for tøft for veteranen. Han gjekk hardt ut og låg i toppskjiktet blant dei 74 som deltakarane ved utgangen. Men etter som kilometrane gjekk vart Tysse hengande etter hovudfeltet. Han stabiliserte seg på ein 50. plass, og hamna til slutt på 48. plass med tida 1.26,06. Kinesaren Wang Zhen vann med tida 1.19.14.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tysse har uttalt at han avrundar si karriere som internasjonal kappgjengar med OL i Rio.