Sondre Valle (12) etter målgang i sitt andre triatlon.
Sondre Valle (12) etter målgang i sitt andre triatlon.

Er dei den råaste familien i Os?

Nokre samlar på frimerke. Familien Valle/Førde diggar triatlon.

Familien Valle/Førde frå Os er hakket tøffare enn andre familiar. Sist helg deltok mamma Jannicke Førde (41), pappa Frode Valle (45) og eldstemann Sondre Valle (12) i triathlon-konkuransane Ironman 70.3 og Ironkids i Haugesund.

Sondre symde 200 meter, sykla tre km og sprang 1.500 meter.

Artikkelen held fram under annonsen.

I herre- og kvinneklassen galdt det å symja 1,9 km, sykla 90 km og til slutt springa 21 km.

Og medan dette var Frodes tredje triatlon, var det sjølvaste debuten for mamma Jannicke.

– Ei fantastisk oppleving. Og gull verdt å ha ein heiagjeng på sidelinja, jublar Jannicke som no er attende på jobb - med heftig gangsperr.

Jannicke Førde kunne smila ekstra bredt etter å ha debutert i triatlon. Sambuar Frode Valle deltok for tredje gong.
Jannicke Førde kunne smila ekstra bredt etter å ha debutert i triatlon. Sambuar Frode Valle deltok for tredje gong.
Frode i lett jogg gjennom Haugesunds gater.
Frode i lett jogg gjennom Haugesunds gater.
Nokre folk, som Jannicke Førde, smiler sjølv om dei har symt tre km, sykla ni mil og til slutt må springa ein halvmaraton.
Nokre folk, som Jannicke Førde, smiler sjølv om dei har symt tre km, sykla ni mil og til slutt må springa ein halvmaraton.

– Ja, eg kjenner at kroppen er tynt til det ytterste. Og litt til, ler ho.

No er det berre veslesyster Sanne (9) som ikkje har «gjort» ein triathlon.

– Men etter å ha vore publikum i år, er ho veldig tydeleg på at neste år skal ho også vera med, seier Jannicke.

anne-marie@osogfusa.no