Aner Palislamovic, Henrik Reed Larsen, Åsmund Slettevold, Amanda Njøten, Erlend Slettevold og coach Dan Sander Soltwedel. Framme  frå venstre Armin Palislamovic, Tuva Baggen, Benjamin Askvik, Tobias Hagen Røttingen og Sondre Kvamsdal. (Alle
Aner Palislamovic, Henrik Reed Larsen, Åsmund Slettevold, Amanda Njøten, Erlend Slettevold og coach Dan Sander Soltwedel. Framme frå venstre Armin Palislamovic, Tuva Baggen, Benjamin Askvik, Tobias Hagen Røttingen og Sondre Kvamsdal. (Alle

Eitt gull og sju bronsar

Os Karateklubb markerte seg stort i allstyle-NM i Oslo. Åsmund Slettevold vart senior-meister.

Han gjorde ein kjempejobb inn mot karate-NM i Oslo, 21 år gamle Åsmund Slettevold. Etter over eitt års konkurranse-fråvær slanka osingen seg ned ti kilo for å stilla i den meritterte -84-kg-klassen.

- Det Åsmund gjer både i forkant av og under NM, er berre imponerande. Han har ein enorm vilje og det viser han både i haldningar og på matta, skryter Vidar Mjånes i Os Karateklubb.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mjånes var dommar og tok seg bra ut sjølv.

- Eg dømte vel i nærare 20 timar totalt, så eg følte meg rimeleg sliten etter stemnet. ja, humrar Mjånes.

Bronse i debuten

Totalt ti osingar var i aksjon på parketten i Bygdehus-hallen på Bygdøy.

Åsmund Slettevold gjekk heilt til topps i kampklassen for seniorar - 84 kg.
Åsmund Slettevold gjekk heilt til topps i kampklassen for seniorar - 84 kg.
Tuva Baggen vann bronse i ungdomsklassen.
Tuva Baggen vann bronse i ungdomsklassen.
Amanda Njøten vann bronse i seniorklasse - 61 kg.
Amanda Njøten vann bronse i seniorklasse - 61 kg.
Benjamin Askvik vann bronse i kadett-klassen.
Benjamin Askvik vann bronse i kadett-klassen.

Som lag drog Os Karateklubb heim med to bronsemedaljar. I tillegg forsynte fem utøvarar seg med individuell bronse.

- Både kombilaget vårt med yngre utøvarar og herre-seniorlaget kjempa seg til bronse. På kombilaget deltok Tobias Hagen Røttingen, Benjamin Askvik, Sondre Kvamsdal og Armin Palislamovic. På seniorlaget gjekk Henrik Reed Larsen, Erlend Slettevold, Åsmund Slettevold og Aner Paloslamovic, fortel Mjånes.

Dei fem som tok individuell bronse var Benjamin Askvik i kadettklassen, Henrik Reed Larsen i senior + 84-klassen, Amanda Njøten i -61-kg-klassen for senior, Armin Palislamovic i juniorklassen og Tuva Baggen i ungdomsklassen.

- Tuva klinte altså til og vann bronse i sitt første NM. Det var imponerande, seier Mjånes.

God coach og god heiagjeng

Sjølv om Mjånes var travelt oppteken med å døma kampar fekk han med seg at det var fleire osingar som utmerka seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg må få skryta av Os-publikumet. Dei var kanskje berre 10-12 stykk, men dei laga altså så liv på tribunen at det runga i salen. Dessutan forten coach Dan Sander Soltwedel ein god porsjon skryt for si fantastiske evne til å ta alle utøvarane i vare, følgja dei opp og førebu dei til kamp, seier Mjånes.

Han takkar også Os KK sine sponsorar Mjånesen Lakk & Mekanisk og BKK.

- Det kostar å reisa og konkurrera. Sponsorane våre er med på å gjera helgar som den me hadde i Oslo mogleg, avsluttar Mjånes.