Madeleine og Torkel Hjertnes har vakse opp i Furulunden eit steinkast unna klubben i deira hjarta. Dei har begge det ærefulle kaptein-ansvaret for sine lag.
Madeleine og Torkel Hjertnes har vakse opp i Furulunden eit steinkast unna klubben i deira hjarta. Dei har begge det ærefulle kaptein-ansvaret for sine lag.

Ein - to - Osablod

Madeleine (24) og Torkel Hjertnes (27) har vore tru til klubben sin i alle år. No har dei det ærefulle oppdraget med å leia sine lagkameratar ut i kamp.

- Det var på tide at Stian Lunde gav seg i fjor. Han har tvihalde på det kapteinsbindet i alle år, smiler Torkel, kaptein for Os A-lag.

Då Hassan El Fakiri og Ørjan Håland tok over som trenarar før årets sesong vart, Torkel utnemnd til kaptein. Då Lunde bestemde seg for å returnera til kubben i sommar, vart det speklulert i om han skulle få kapteinsbindet attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men El Fakiri gjekk ikkje tilbake på valet sitt.

Tok over for storesyster

Madeleine er inne i sin andre periode som kaptein for handballdamene til Os. Faktisk, tok Madeleine over som kaptein for storesyster, Emilie, alt i ein alder av 18 år.

- Emilie vart gravid, og då fekk eg ansvaret, seier Madeleine.

I oppveksten har Madeleine og Torkel vore som hund og katt. Dei krangla sjeldan med storesyster Emilie, men dei to var konstant i tottane på kvarandre.
I oppveksten har Madeleine og Torkel vore som hund og katt. Dei krangla sjeldan med storesyster Emilie, men dei to var konstant i tottane på kvarandre.

- Men det tok ikkje lang tid før storesyster kom attende og krevde å få det tilbake, skyt Torkel inn.

No kvilar kaptein-ansvaret nok ein gong på Madeleine. Ho er beskjeden når ho fortel om kvifor akkurat ho har fått ansvaret.

- Det er nok fordi eg spelar midtback, seier ho, før ho legg til at det kan ha noko å gjera med den sterke vinnarviljen hennar.

Kraftig hjerneristing

Torkel fortel om ein kamp mot Sotra i fjor, der Madeleine fekk ei kraftig hjerneristing kort tid før slutt. Det var ein jamn kamp, og det einaste veslesyster brydde seg om då ho var på legevakta, var korleis det gjekk med kampen.

- Ho spurte kvart femte minutt om korleis det gjekk, og kva stillinga blei. Det var ein kraftig hjerneristing, for i dagane som følgde kunne eg snakka med ho, og kort tid seinare, hadde ho gløymd at me hadde snakka saman, seier storebror.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som hund og katt

Det er ikkje til å unngå å leggja merke til at dei to har stor respekt for kvarandre. I dag er dei gode venar, men slik har det ikkje alltid vore. Å seia at dei var som hund og katt i oppveksten, vil vera å underdriva.

- Ja, her har det gått føre seg. Me har aldri krangla noko særleg med Emilie, men me to har vore i tottane på kvarandre til ei kvar tid, seier Madeleine.

Dette kan vera ein medverkande faktor til at dei i dag er kapteinar for sine respektive lag. Alle episodane dei i mellom har vore med på å gjera dei litt meir hardhuda.

- Ein gong spelte me fotball på hytta. Eg var på lag med Emilie, og Madeleine med pappa. Me tapte 10-9, og det takla eg ikkje. Eg kan ikkje gjengi kva eg kalla Madeleine, men det var i alle fall ikkje eit sjakktrekk å gjera det framfor pappa, ler Torkel.

På skitur i kvar sin bil

Storebror stod for irriteringa, medan Madeleine ikkje var sein med å reagera. No har dei mange fellesvenar, og forholdet er heilt motsett av kva det ein gong var.

- Eg kjenner ikkje mange søsken som har eit så godt forhold som me har, seier Torkel.

Men ein gammel vane er vond å venda, og iblant glimtar dei til med ein reall krangel. Det er ikkje lenge sidan dei var på skitur saman med vener. Då måtte dei køyra til og frå i kvar sin bil.

- Me har begge stor vinnarvilje, og noko av det verste me veit er å tapa. Då er det lett for at det blir slik, seier Madeleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Del av den gylne 1990-91-generasjonen

Oppveksten i Furulunden har med andre ord vore "konfliktsfylt" og innhaldsrik. Dei har vakse opp eit steinkast unna Kuventræ idrettsannlegg, der dei har brukt, og framleis bruker mykje av tida si. Torkel og Madeleine har hatt eit påfallande likt idrettsløp. Begge var aktive innan både handball og fotball til dei var 17-18 år gamal, så valde dei ulikt.

- Eg kunne nok nådd endå lengre som fotballspelar. Me hadde eit utruleg godt lag. Det var nesten slik at publikum klappa berre motstandarane klarte å koma seg til vår banehalvdel, seier Madeleine.

Ho var målvakt for den gyldne 1990-91-generasjonen til Os, som kom på tredjeplass i Norway Cup og vart krinsmeistrar. Det same laget har fostra fleire spelarar som i dag står med landslagserfaring.

- Eg valte handball, fordi det var for lite action som keeper. Eg ville heller skåra mål.

Tolv treningar i veka

På det meste var Madeleine oppe i tolv treningar i løpet av veka, med fotballaget, og fleire av handballaga. Torkel tok del i nesten like mykje. Det er nok ikkje alle som er klar over kor mykje tid som går med, sjølv no når dei berre har eitt lag å konsentrera seg om.

- Det går fort tre timar med til kvar treninig, og me trenar fire gonger i veka. Kamp kjem på toppen av det heile, og ofte i helga. Det må me ta omsyn til når me legg helgeplanane, seier Torkel.

- Det er mange som spør kvifor eg held på med handball. Dei meiner at handball og fotball er noko som høyrer barndomen til, særskilt om ein driv på det nivået me gjer, skyt Madeleine inn.

Edru midtvinters grunna treningskamp

Av ulike grunnar har både Torkel og Madeleine vore innom tanken på å slutta ved fleire høve.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er tungt når det går mot sesongslutt, men nokre månader etter at sesongen er over, kan eg nesten ikkje venta med å koma i gang igjen, seier Madeleine.

- Det er litt tungt når ein går i ein 30-års-dag midt på vinteren, og må vera edru fordi det er treningskamp dagen etter. Så spør dei kva nivå eg spelar på, og eg svarar 3. divisjon. Då berre ristar dei på hovudet, seier storebror.

Uaktuelt å skifta klubb

Torkel har med åra sett dei fleste nære lagkompisane gje seg, og vedgår at det til tider har vore tøft å motivera seg til å halda fram.

- Satsinga har ikkje alltid vore på topp i mi tid i Os, men eg har ikkje hatt lyst til å stikka når det har gått dårleg. Hadde eg vore aktuell for ein toppklubb nokon gong, så kunne eg ha gått, men det har aldri vore eit tema å gå til eit anna lag på tilsvarande nivå, seier han.

Skadd heile vårsesongen

Medan fotballsesongen går mot slutten, er handballsesongen nettopp starta. Neste år vert det omlegging i divisjonssystemet, noko som gjer at fem lag rykker ned.

- Me har som ambisjon å koma høgst mogleg på tabellen. I alle fall topp fem, om ikkje topp tre, seier Madeleine.

Torkel kan sjå tilbake på ein varierande sesong for sitt lag.Torkel var ute med skade når Os sleit med å vinna fotballkampar i vår, men med han på banen i haust, har dei berre tapt ein kamp.

- Det er ikkje berre fordi eg er tilbake at det går betre. Me har fått nokre nye spelarar, og ting sit mykje betre no, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Du skulle høyrt han i vår. Då gjekk han heime og sa at no hadde laget tapt fem kampar, og han meinte at grunnen var at han var ute, smiler Madeleine og skular bort på broren.

- Eg berre tulla. Eg meinte jo ikkje det, seier han, med eit lurt smil om munnen.

Det er nok ikkje så lett å skildra kvifor ein sjølv er ein god kaptein, så me fekk søskena til å seia nokre ord om kvarandre.

Torkel om Madeleine:

- Ho er ein naturleg sjef, og blant dei beste spelarane på laget. Då tek eg ikje for hardt i. Sjølv om ho er ung, så har ho rutine, er tøff i trynet og liker å stikka seg fram. Madeleine har stor vinnarvilje, og som meg, hatar ho å tapa. Ho går framfor med eit godt eksempel.

Madeleine om Torkel:

- Han bryr seg ekstremt mykje, kanskje i overkant. Han har vore tru til klubben, sjølv om mange av kompisane har forsvunne. Han er sosial, og oppteken av å dra med seg dei unge spelarane. Torkel er ein leiartype.