Lena Skåtun og veninna Janette Hansen bestod begge 3. Dan sist helg.
Lena Skåtun og veninna Janette Hansen bestod begge 3. Dan sist helg.

Ei jente du ikkje vil bråka med

Det er berre 17 personar i Noreg som har høgare grad på sitt svarte belte enn fusingen Lena Skåtun.

Sist helg bestod ho graderinga med glans, og gjekk frå 2. Dan til 3. Dan i karate.

- Det er berre 17 personar som har høgare grad enn meg i Noreg. Han som har høgst grad har 7. Dan. Eg er ei av fem kvinner som har 3. Dan, seier Skåtun.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nervøs sidan i vår

Skåtun er kome opp på eit nivå i karate kor ho sjølv ikkje kan avgjera om ho ønskjer å prøva ei ny gradering.

- Det er det hovudinstruktøren i klubben som bestemmer. Han sa til meg i vår at kanskje eg skulle få prøva meg til jul. Eg har grua meg og vore nervøs sidan då, fortel Skåtun.

Bestod i alle kategoriar

Graderinga var over på 25 minutt. I løpet av den tida skulle Skåtun gjennom eit program beståande av Kihon (grunnteknikker), Kata (mønster), og Kumite (kamp). Feilmarginane er små, men fusingen klarte seg utmerka.

- Ein får anten bestått eller ikkje bestått. Eg fekk bestått på alt. Hadde eg stroke i ein av kategoriane, måtte eg ha gjort det om att på neste gradering, seier Skåtun.

Men det slapp ho, og endeleg kan ho konsentrera seg om eksamen på skulen.

- Det har vore mykje den siste tida. Eg har ikkje hatt tid til å grua meg til eksamen, fordi eg har vore så nervøs for karaten. Du kan trygt seia at eg gler meg til jul, ler Skåtun, som legg til at det beste med graderinga var at dei to japanske instruktørane, som begge er verdsmeistrar, var svært nøgde med og skrytte av innsatsen hennar.

Mål om 4. Dan

Etter juleferien er det landslagssamling i januar, før EM brakar laus i mars.

- Kva tenkjer du om vidare graderingar på det svarte beltet?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg ser føre meg å ta 4. Dan ein gong, men eg veit ikkje kva tid det vil skje. Eg har ikkje noko mål om å nå 10. Dan, for å seia det slik. Då må eg halda på med dette heile livet, smiler ho.