Oddvar Eikemo skaut 12/12 i feltfinalen, og endå eit gull tok vegen vestover. Else Eidsvik fekk ein flott 5. plass.
Oddvar Eikemo skaut 12/12 i feltfinalen, og endå eit gull tok vegen vestover. Else Eidsvik fekk ein flott 5. plass.

Ei himmelsk skyteveke

Søstrene Sofie og Amalie Evensen har skote fantastisk. Med rekruttgullet til førstnemnde som den største overraskinga. Men det var heilt til Oddvar Eikemo skaut 12/12 i feltfinalen, og endå eit gull tok vegen vestover.

 

Vidar Alfarnes

Artikkelen held fram under annonsen.

Frilans

 

- Det var dagen då alt klaffa for meg, seier den pensjonerte skulemannen. Som starta oppatt med skyting for fire, fem år sidan. Då hadde han hatt ein pause på 40 år.

Sofie Evensen låg eitt poeng bak etter den innleiande skytinga, men etter ein suveren sisteserie gjekk ho heilt til topps i rekruttklassen under LS. Så glad blir ein då!
Sofie Evensen låg eitt poeng bak etter den innleiande skytinga, men etter ein suveren sisteserie gjekk ho heilt til topps i rekruttklassen under LS. Så glad blir ein då!
V55-skyttar Arvid Austefjord skaut fullt hus på sin "etappe" på samlagsskytinga for Hordaland. Det enda med ny medalje.
V55-skyttar Arvid Austefjord skaut fullt hus på sin "etappe" på samlagsskytinga for Hordaland. Det enda med ny medalje.

- Utan tvil beste og einaste meritt frå LS, både i ny og gamal tid, smiler Oddvar Eikemo.

73-åringen skal ha sin del av æra for den kolossale suksessen som ungdomsskyttarane frå Os har opplevd på Lesja.

- Det er kjekt å jobba med dei unge. Sjølv har eg mest ansvar for aspirantane, fortel den svært så overraska felt-vinnaren i klasse V73.

Frå skive 1

Tidlegare i veka skaut Amalie seg fram til skive 1 på banefinalen i klasse eldre rekrutt. Det blei ei ny stor oppleving.

- Eg kjente det litt meir enn på eit vanleg stemne lokalt, men 100 poeng og åtte sentrumsblinkar kan eg absolutt ikkje vera misnøgd med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Amalie vart til slutt nummer 5, og fekk for første gong den høgthengande ungdomsmedaljen.

- Det er eg sjølvsagt veldig nøgd med, smilte den første Os-skyttaren på ein LS-finale sidan Jarle Kvalvik i 1984.

Bakoversveis

Både Amalie, resten av familien og heile den store Os-kontingenten fekk likevel tilnærma bakoversveis, då systera Sofie slo til med suveren finaleskyting i rekrutt-klassa, mindre enn ein time seinare.

Men ho hadde "berre" 249 poeng med seg til finalen, og tenkte nok ikkje at det ville senda henne heilt til topps. Men det gjorde det. Samtlege med 250 poeng mista minst eitt på finaleskota sine. Med sju inertiarar var det til slutt 13-åringen frå Os som kunne jubla. Eller storgrina, som faktum var. Dette blei rett og slett for sterkt for ungjenta.

- Eg har drøymt om at eg skal vinna LS. Men trudde ikkje det kunne skje i dag. Dette var utruleg overraskande, smiler Os-helten gjennom tårevåte auge.

Langt steg vidare

V55-skyttaren Arvid Austefjord har lenge vore ein habil kar på standplass. Under årets LS har han teke eit langt steg vidare. Først overraska han stort med å skyta seg til ein medalje på bane. Sidan følgde han opp med fullt hus på sin "etappe" på samlagsskytinga for Hordaland. Det enda med ny medalje til den 196 centimeter høge skyttaren frå Lygrespollen i Fusa. Men han bur på Os og jobbpendlar attende til Fusa og Frank Mohn.

- Det har utvikla seg til å bli eit LS eg seint kjem til å gløyma.

Har ikkje ord

Anstein Eidsvik som er leiar i Os skyttarlag, har mest ikkje ord for det som har skjedd på Lesja den siste veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er jo noko slikt vi hadde håpa på, men som vi ikkje ein gong kunne drøyma om. Etter ein nedgang både i deltaking og resultat i Sandnes sist sommar, starta vi litt på nytt i vinter. Det har vore lagt ned ein stor innsats for å få folk med. Det har vi lukkast med. No håpar vi sjølvsagt at den eventyrlege innsatsen på Lesja kan gje oss ein skikkeleg opptur framover. Dette er eit eventyr, smiler ein rørt Eidsvik.