- Eg føler meg som ein syndebukk
Lysekloster leia 1-0 til pause etter ein sterk omgang borte mot Vidar. Kort tid før pause oppstod ein situasjon som skulle endra kampen drastisk.
Ståle Steen Sæthre hadde alt gult kort då han ifølgje seg sjølv blei skubba inn i Vidars keeper.
- Eg fokuserte på ball då eg blei skubba av ein forsvarar og kolliderte med keeper. Han starta å skrika, og Vidars kaptein gjorde det han kunne for å påverka dommaren, som drog opp eit gult kort. Dermed vart eg utvist, seier Steen Sæthre og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er utruleg trist at noko slikt skal øydeleggja kampen for oss. Særskilt etter at vi hadde jobba og stått på for kvarandre, og gjort ein sterk omgang mot eit bra lag.
Lysekloster-spelaren seier at han aldri har hatt noko stygg spelestil, og at han sjeldan hamnar i trøbbel med dommaren.
- Eg har alt sendt e-post til NFF for å klaga. Det er heilt horribelt at får to gule kort når ingen av situasjonane kvalifiserer til kort. Det øydelegg kampen for oss, seier han.
Sindre Flaa skåra Lyseklosters mål. Ei leiing som stod seg til pause. Vidar utlikna etter 69 minutt, og då rakna Lysekloster. I løpet av dei neste ti minutta skåra heimelaget tre til. Lysekloster tapte 4-1 borte mot Vidar i ettermiddag.