Ariel Braathen slo til med tre rekordar og tre medaljar under Bergen Swim Festival i helga. (Arkiv
Ariel Braathen slo til med tre rekordar og tre medaljar under Bergen Swim Festival i helga. (Arkiv

- Eg fiksa den beste bursdagsgåva sjølv

Ariel Braathen fylte 17 år laurdag. Det feira ho med tre rekordar og tre medaljar under Bergen Swim Festival i helga.

- Eg tok juniorrekorden på 100 meter bryst på kvelden. Eg ville ha den rekorden, så eg fiksa den beste bursdagsgåva sjølv. Den var det berre eg som kunne gje meg, seier Ariel.

- Fekk du elles noko fint til bursdagen?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg ønskte meg eigentleg ikkje noko. Det er ikkje det sama å ha bursdag no som så då eg var yngre. Eg føler eg har det eg trenger, og om det skulle vera noko eg trenger, så stiller mamma og pappa opp, smiler Ariel.

To 100-meter-rekordar

I forsøket på 100 meter bryst fredag klinte Ariel til med ny norsk juniorrekord med tida 1.09.76. I finalen laurdag forbetra ho den same rekorden med åtte hundredelar, og tok sølv berre slått av Hrafnhildur Lúthersdottir.

Utslagsrundar på 50 meter bryst

Under BSF var det denne gongen utslagsrundar på 50 meter bryst. Åtte starta i finalen, og etter at symjarane hadde sumd 50 meter, måtte dei tre dårlegaste ut av bassenget. Så sumde dei ein ny runde der dei to dårlegaste blei tatt ut. Då stod dei att med tre igjen til siste finalerunde.

Ariel kan sjå tilbake på ei flott helg i bassenget, men sjølv er ho litt skuffa over resultatet på 200-meteren.
Ariel kan sjå tilbake på ei flott helg i bassenget, men sjølv er ho litt skuffa over resultatet på 200-meteren.

- Eg blei nummer tre. Eg gav alt i første runde, der eg også tok ny juniorrekord med tida 32.10. Dei to andre rundane fokuserte eg berre på å halda ut, utan å gje maks. Eg fokuserte på 200-meter-finalen seinare på dagen, seier Ariel.

- Kva synest du om denne måten å konkurrera på?

- Det er ikkje normalt at vi har utslagsrundar. Få stemne har det. Eg synest det er kjempekjekt. Det går ein del krefter. Ein må leggja opp løpet ordentleg, og syta for at kreftene strekk til.

Ikkje nøgd med 200-meteren

Ariel enda opp med sølv på 100-meteren, og tredjeplass både på 50- og 200-meteren. Ho er stort sett nøgd med helga, men 200-meteren er ho litt skuffa over.

- I forsøket hamna eg to sekund bak min personlege rekord. Det gjekk betre i finalen, men eg er framleis eit stykke unna A-kravet til OL.

Artikkelen held fram under annonsen.

Siste sjanse til å klara OL-kravet blir på eit ope symjestemne i Glasgow i juni. Ho er også teke ut til junior-EM i Ungarn i juli.

- Korleis ser du på sjansane til å klara OL-kravet i Glasgow?

- Eg skal alltid ha trua, og det har eg. Det er framleis eit stykke ned til rekorden, men eg kan forsikra om at det vert jobba med, seier ho.