- Eg fekk ikkje to kontraktforslag
Lyseklosters nysignering Petrit Zhubi, tilbakeviser rykte om at han skal ha fått dobla tilbodet frå klubben før han valte å signera.
- Eg hadde aldri snakka med Svein Kollen før eg kom til Lysekloster. Agenten min tok kontakt med meg og sa at Lysekloster ville signera meg. Eg fekk ikkje sjå eller høyra om eit kontraktforslag, seier Zhubi.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er ikkje rett
Det er den svenske avisen Trollhättans tidning som skriver at Zhubi først skal ha takka nei til eit tilbod frå Lysekloster, før han tre minutt seinare skal han ha fått dobla tilbodet.
- Det er ikkje rett. Eg fekk aldri to kontraksforslag, seier Zhubi til «Os og Fusaposten».
Spelte for Nest-Sotra i fjor
Den ferske Lysekloster-spelaren var nære på å signera for den svenske klubben, Trollhättan.
- Eg var ikkje så sugen på å flytta, og hadde eigentleg sett føre meg å spela for Trollhättan, men så hadde eg ein lengre samtale med agenten min, og vi fann ut at det kanskje er på tide å koma seg bort frå Sverige, seier han.
Zhubi var i Noreg så seint som i fjor, då han var Nest-Sotra-spelar på haustsesongen.
Vil ikkje kommentera kontrakten
Zhubi har signert ein proffkontrakt med Lysekloster. Avtala strekk seg ut året.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva var tilbodet frå Lysekloster som du valte å takka ja til?
- Eg kommenterer aldri kontraktane mine. Det har eg aldri gjort, og det kjem eg aldri til å gjera, seier Zhubi.
Det er berre eit par veker sidan han signerte kontrakten, men han har alt funne seg godt til rette i klubben.
- Lysekloster er ein liten klubb med store ambisjonar. Eg er overraska over at dei ligg så langt framme. Menneska i klubben er heilt fantastisk. Både spelarar og personer kring klubben. Alle tek hand om kvarandre, seier Zhubi.