Trygve Lerch Dahl, Fredrik Andresen og keeper Hans Brunvatne fekk det tøft mot Gloppen. Med fulltalleg lag på onsdag klarte dei brasane heime mot Gneist. (Arkiv
Trygve Lerch Dahl, Fredrik Andresen og keeper Hans Brunvatne fekk det tøft mot Gloppen. Med fulltalleg lag på onsdag klarte dei brasane heime mot Gneist. (Arkiv

Drog sigeren i land

Onsdag kveld tok Os-herrane sin første heimesiger for sesongen då dei slo Gneist 30-27.

Det er korte intervall mellom kampane i starten Os-herranes handball-sesong. Søndag tapte Os-herrane 22-29 for Gloppen. No onsdag var det klart for ny heimekamp. Denne gong mot Gneist.

Det var lenge eit jamt oppgjer i Oshallen. Til pause stod det 14-14. Men etter kvilen la osingane inn tung-giret og drog i frå dei kvit-blå gjestene frå Fana.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med Ove Lyssand, Joachim Nøkleby og Nils Andris Hamre tilbake i lagoppstillinga stod dei gul-svarte distansen litt betre enn i sist kamp mot Gloppen. Etter å ha mista litt av trykket frå midtveges i omgangen, skjerpa Os-herrane seg mot slutten av kampen og drog til slutt heim ein fortent siger.

Dermed står osingane med to sigrar og eitt tap sålangt i sesongen.

Neste kamp for Os-herrane er borte mot Kjøkkelvik tysdag 13. oktober.