Madeleine Hjertnes fekk frimerke på seg mot Gneist, men Os-damene ridde stormen av og vann 22-21.
Madeleine Hjertnes fekk frimerke på seg mot Gneist, men Os-damene ridde stormen av og vann 22-21.

Drog sigeren i land

Laurdag vann Os-damene sin andre kamp for sesongen. Topoengeren kom etter fandeninvolsk forsvarsspel.

- Dette var ein kamp der me vann på vilje og innsats. Etter fantastisk flott spel dei første 20 minutta, la Gneist om til 5-1-forsvar. Deretter byrja me å rota, seier trenar Trond Førde Eriksen.

Tre frimerker

Mot dei kvitkledde fanabuane leidde osingane med seks mål på det meste. Så byrja kampen å jamna seg ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me førte med fire mål til pause. Deretter la Gneist ut frimerker på Madeleine Hjertnes, Vilde Brattabø og Hilde Kristine Røttingen. Det takla me ikkje all verda bra, men i forsvar heldt me fram å spela knalltøft. Det la fundamentet for sigeren, fortel Førde Eriksen.

Det avgjerande Os-målet vart sett inn av Malin Fosen.

Litt bak skjema

Med to sigrar og tre tap på dei fem første kampane meiner Os-trenaren at laget er noko bak skjema.

- Mot Stord burde me teke poeng. Elles meiner eg både Sotra og Førde har litt betre lag enn oss per dags dato, men me skal halda fram og trena og utvikla oss. Me kjem til å bli betre utover i sesongen, seier han.

Neste kamp går i Oshallen komande onsdag. Motstandar då er Trond Førde Eriksens tidlegare elevar på Kjøkelvik.

- Det er eit lag eg meiner me skal vera gode nok til å slå, seier sjefen sjølv.