Eikelandsfjorden har ein sterkare tropp enn på lenge, og har som mål å rykka opp.
Eikelandsfjorden har ein sterkare tropp enn på lenge, og har som mål å rykka opp.

Dreg fordel av grasbanen

Finfotballen uteblir på graset i Eikelandsosen, men dei lokale fotballheltane er utilnærmelege på heimebane.

- Grasbanen skal vera ein fordel for oss, og det trur eg han er. Men det er ikkje lett å spela fin fotball på banen. Me har mange tekninske spelarar på laget, så spelarane gler seg veldig til den nye kunstgrasbanen kjem, smiler A-lags-trenar for Eikelandsfjorden, Knut Hjertnes.

Har vunne over begge topplaga

Laurdag spelar Eikelandsfjorden sin siste heimekamp for vårsesongen. Hordabø/Radøy/Manger 2 er helgas motstandar, og om det går som i dei fire andre heimekampane til Eikelandsfjorden i år, så må bortelaget reisa heim utan poeng i bagasjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me er sterke heime, men det må me vera om me skal rykka opp, seier Hjertnes.

Øystese 2 toppar tabellen framfor Trane. Eikelandsfjorden ligg på fjerdeplass tre poeng bak, men dei har slått begge topplaga på heimebane i vår.

- Eg ser på Øystese 2 som ein av dei sterkaste utfordrarane til opprykk. Dei ser ut til å satsa med andrelaget sitt, seier Hjertnes.

Trenar Knut Hjertnes meiner grasbanen har vore ein fordel for laget hans.
Trenar Knut Hjertnes meiner grasbanen har vore ein fordel for laget hans.

Tøff kamp om opprykk

Før årets sesong stilte Hjertnes og trenarkollega Gudmund Midtrød eit ultimatum om dei skulle halda fram som trenarar. Føresetnaden var at dei hadde ein god og stor spelartropp, noko det ikkje har vore i Fusa på lang tid. Det har dei fått, og dei har til og med "råd" til å ha nokre spelarar på skadelista.

- Det er framleis nokre spelarar som har til gode å debutera, som til dømes William Lindborg, som signerte før sesongen, seier Hjertnes.

Etter kampen i helga ventar bortekamp mot Fotlandsvåg neste helg før sommarferien tek til. Vårsesongen har vore bra, og trenaren gler seg til hausten.

- Det vert nok ein tøff kamp om opprykk, men me er med i toppen slik me skal vera, seier han.