Doblar Aase-kapasiteten i laget
Er du nøgd med ein spelar og ønskjer deg fleire av same sorten, kvifor ikkje berre signera tvillingbroren.
Lysekloster IL har signert Peter Aase for neste sesong. Peter er bror til midtbanespelar Stefan, som kom til klubben før fjorårets sesong.
Stor erfaring
Stefan Aase gjorde ein solid sesong på midtbanen til Lysekloster i årets sesong. No får han altså selskap av broren Peter som blir henta frå Sotra FK.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Peter er ei solid forsterkning. Han har 25 aldersbestemte landskampar og har til liks med Stefan spelt både for Florø og Sogndal, seier sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen.
Totalt 124 A-kamper har han for moderklubben Florø. Fleire av dei var på nest øvste nivå, altså i OBOS-ligaen.
– Korleis vil de bruka Peter?
– Han er midtbanespelar som broren. Me har planane klare, men detaljane for dette er det trenar Ruben (Hetlevik) som har.
– De er ikkje redd for at dei blir for like?
– Då hadde me ikkje signert han, svarer Kollen.
Jobbar med Denis
Ein av kontiunitetsberarane dei siste åra på Lysekloster er kroaten Denis Ljubovic. Midtstopparen har no fått tilbod frå moderklubben sin i heimlandet, Rijeka, om å overta ungdomsavdelinga i klubben. Lysekloster IL gjer sitt for å behalda den sympatiske og godt likte spelaren.
– Me gjer det me kan. Me er i ein prosess, men det er mykje som skal falla på plass ettersom Denis har både kone og tre born, seier Kollen.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Korleis er det elles med spelarlogistikken?
– Bra. Me har signert og resignert 13 spelarar. På same tid i fjor hadde me berre signert tre. Framover blir det 4-5 til som skal inn, samt 4-5 unge spelarar frå eigne rekkjer, seier Kollen.