Tom Gabriel Østgulen Rondestveit viser det gule kortet, men har vel heller gjort seg fortent til eit gratulasjonskort. Neste år er 18-åringen klar for 4. divisjon, både som dommar og som spelar.
Tom Gabriel Østgulen Rondestveit viser det gule kortet, men har vel heller gjort seg fortent til eit gratulasjonskort. Neste år er 18-åringen klar for 4. divisjon, både som dommar og som spelar.

Dobbelt opprykk for Tom Gabriel

I fjor haust rykte han opp til 4. divisjon med Os 2. No er Tom Gabriel Østgulen Rondestveit klar for å døma på same nivå.

- Eg må vera godt nøgd med fjoråret. Opprykk både som spelar og dommar må vera bra, seier 18-åringen frå Nore Neset.

Opprykket som spelar fekk han tidleg på hausten. Gladmeldinga om at han skal få døma A-lagskampar på same nivå, altså i 4. divisjon, fekk han like før jul.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var i samband med det årlege julebordet til dommarane i Hordaland Fotballkrets. Då fekk eg melding om at eg skal døma i 4. divisjon, og at eg skal få gå på linja i Oddsen-ligaen. Begge delar kom som ei særs god og hyggjeleg overrasking, oppsummerer gymnasiasten frå Os gymnas.

Raskt oppi situasjonane

I samband med offentleggjeringa av kva nivå dei ulike dommarane skal få døma på, fekk samtlege klare meldingar på kva dei er gode på, og kva dei må forbetra.

- Eg fekk mykje skryt. Spesielt for at eg er løpssterk og rask, og på den måten kjem raskt opp i situasjonane. I tillegg fekk eg ros for å ha teke nivået i 5. divisjon veldig bra, fortel Tom Gabriel.

Han har ambisjonar både som spelar og som dommar.

- Eg rir to hestar eit par år til. Denne sesongen skal eg spela både for juniorane og for andrelaget til Os. I tillegg vert det sjølvsagt ein god del døming.

- Kvar kan du nå lengst?

- Tja, eg vil sjå det litt an, men med den starten eg har på dommarkarrieren ser eg ikkje bort frå at eg kan få døma profesjonelle fotballspelarar her til lands om nokre år.

- Då tenkjer du på Eliteserien?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, eller OBOS-ligaen. Begge delar er mogleg innan ein tiårs tid, fortel dommartalentet frå Nore Neset.