Dette har ingen osingar klart sidan 1984
Amalie Evensen (15) er første osing på skive 1 i ein landsskyttar-finale sidan 1984.
- Ho er den 100-meter-skyttaren som har det beste resultatet av samtlege som har skote her, uavhengig av klasse. Det er ein utruleg stor prestasjon av Amalie. Ho er den første osingen sidan 1984 som ligg på skive 1 i ein landsskyttar-finale, seier Anstein Eidsvik frå Os Skyttarlag.
Finalen er i morgon.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fleire til finalar
Klasse fem-skyttarane, som er dei beste seniorskyttarane, skal ha baneskyting i dag. Dei yngste skal også i elden. Sofie Evensen (13) skal skyta feltfinale fredag, og har baneskytinga si seinare i dag.
Else og Steinar Eidsvik skal skyta banefinale i V73 i dag, og ligg eitt poeng bak leiaren. Ekteparet Eidsvik er også klare for finale i feltskyting, saman med Oddvar Eikemo i V73.
Tor Egil Gjerde og Arvid Austefjord er i finalen i baneskyting V55, og Anstein Eidsvik i finalen i feltskyting V55.
Reidar Dahle er i finalen i baneskyting V65.