Sindre Johannessen og nokre vener tok Linken Opp som ein roleg søndagstur saman med om lag 200 påmeldte i turgåarklassen.
Sindre Johannessen og nokre vener tok Linken Opp som ein roleg søndagstur saman med om lag 200 påmeldte i turgåarklassen.

- Det var godt å koma seg til toppen

Sindre Johannessen var blant om lag 200 turgåarar i Linken Opp. Han pusta letta ut då han nådde toppen.

- Har du gått opp Linken før?

- Ja, det har eg, men vi plar ikkje gå denne vegen. Det var tøft, mot slutten blei eg fysisk uvel. Det var godt å koma seg til toppen, seier han og ler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hadde te-pausar

Johannessen og venene brukte om lag ein time frå start til mål. I løypa var det både turgåarar som gav på, og andre som tok det heilt piano på veg til Linken.

- Eg har lagt inn nokre te-pausar. Elles trur eg ikkje at eg klarer å koma meg i mål, seier ein mann som Os og Fusaposten passerte mot toppen.

Elles blei underteikna stort sett passert av sprekare mosjonistar.

Gav meirsmak for debutantar

På toppen venta saft, banan og medaljar til alle som fullførte. Klas Færøvik nemnde at dei nesten var for heldige med vêret. Det var nok mest med tanke på forholda for deltakarane i konkurranseklassen, for turgåarane var det nok heilt perfekt. På vei ned att gjekk underteikna saman med nokre av utøvarane som debuterte i eit motbakkeløp. Det var tydeleg at Linken Opp gav meirsmak for dei ferske løparane, som snakka i eitt om taktikk, gjennomføringa, og korleis vêret spelte inn undervegs. Ein ting var dei sikre på. Dei stiller til start også neste år. Då har dei som mål å klatra endå høgare på resultatlista.