Erik Tysse mista kjensla i beina under 50-kilometeren på Grand Prix-stemne i Slovakia i helga. - Eg fekk eit problem med korsryggen etter tre mil og måtte bryta, seier Tysse. (Arkivfoto)
Erik Tysse mista kjensla i beina under 50-kilometeren på Grand Prix-stemne i Slovakia i helga. - Eg fekk eit problem med korsryggen etter tre mil og måtte bryta, seier Tysse. (Arkivfoto)

Det spøker for Tysses OL-femmil

Erik Tysse skulle i helga kvalifisera seg til femmila i OL i Rio de Janeiro. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

- Eg måtte bryta etter tre mil grunna problem med korsryggen, seier Tysse.

Mista kjensla i beina

Etter 25 kilometer av Grand Prix-stemnet i kappgang i Slovakia kjente Tysse at noko ikkje var heilt som det skulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om lag halvvegs kjente eg noko i korsryggen. Etter 30 kilometer mista eg kjensla i beina, og fekk problem med koordinasjonen, og mista farten. Då måtte eg bryta, seier Tysse og legg til:

- Det var veldig synd, for eg låg som nummer tre då eg måtte kasta inn handkleet, og følte meg elles i god form.

Vil fokusera på 20 kilometeren

Det er på 50 kilometer at Tysse har sine beste plasseringar i store meisterskap, med femteplass i VM i Osaka i 2007, og femteplass i OL i Beijing 2008. No kan det sjå ut til at det blir med berre 20 kilometeren i det komande OL-et, om han klarer kvalifiseringskravet.

- Målet var å gå begge distansane, men det er ikkje så mange 50 kilometerar igjen der eg kan kvalifisera meg. Eg kjem til å satsa på 20 kilometer dei neste vekene, og leggja om treninga i forhold til det. Eg må få opp farta, for eg har trent mykje på 50 kilometer den siste tida.

MR-undersøking

Aller først må kappgjengaren finna ut kva som er problemet med ryggen.

- Eg kjenner at korsryggen ikkje er som han skal. Så eg er ikkje hundre prosent, seier Tysse.

Os og Fusaposten snakka med Tysse i går tysdag, og seinare på dagen skulle han på MR-undersøking.

- Der får eg forhåpentlegvis svar på kva det er. Eg må berre ta det derifrå og jobba utifrå det, seier Tysse.