Der dei elskar å møta veggen
Klatregruppa til Os Turlag vert stadig større. Den nye buldreveggen er blitt ein populær attraksjon.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er gått seks år sidan den store klatreveggen kom på plass i idrettshallen i Nore Neset Aktivitetshus.
Nyleg fekk dei klatreglade ein ny attraksjon i hallen på Nore Neset, nemleg ein over sju meter lang buldrevegg.
- Buldreveggen er blitt svært populær. Dette er ein vegg der me sett opp litt vanskelegare ruter (løyper). Dessutan er buldreveggen veldig brukarvenleg ettersom ein ikkje treng sikring når ein klatrar her, seier Are-Stian Føleide i klatregruppa til Os Turlag.
Barneparti
Klatregruppa arrangerer to treningar i veka i Nore Neset-hallen. Søndag er det for dei vidarekomne over 12 år. Måndagane er det tilrettelagt for klatrarar frå 0 år og oppover.
- Me har inga nedre grense, men det er klart, me har ikkje så mange eitt-åringar som klatrar i veggen her, humrar Føleide.
- Eller det går vel kanskje ikkje så lang tid før ho vil vera med, seier Are-Stian med eitt år gamle Thea Marie på armen.
Heile familien hans er biten av klatrebasillen. I bakgrunnen sprett sonen Sebastian opp på det brattaste, medan kona Bente ikkje er særleg treigare med å gjera det same.
Den nye buldreveggen har så absolutt gjeve klatregruppa eit oppsving. Hovudgrunnen er at fleire kan klatra på ei og same tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- På slike dagar som i dag, der det er godt frammøte, kan me godt ha ti utøvarar i kvar av dei to klatreveggene, seier Føleide.
Han fortel at det varierer stort kor mange som trenar om måndagen.
- På det mest har me godt over 20 på trening. Då er det som i dag, store og små om ein annan. Det er også fleire som gjer dette til ein familieaktivitet slik som me, seier Føleide.
Utegrupper
Buldreveggen måler 7,2 meter i lengda og er 3,6 meter høg. I lag med to-tre andre sette Føleide veggen i stand i løpet av eit par månadar på dugnad.
- Veggen og det tilhøyrande utstyret kosta ein del, men me sparte mykje pengar på å gjera monteringa sjølve. I så måte var ikkje dette noko avskrekkande investering, seier han.
- Korleis er det med utandørs-klatring. Driv de med det?
- I familien vår gjer me det mykje, men jo - tanken er at me skal få i gang ei utegruppe no til våren. Det finst mange flotte plassar å klatra i Os. Me har mellom anna laga til fleire flotte ruter i eit fjell i Hegglandsdalen. Der kjem me nok til å vera litt utover i sommarsesongen, seier Føleide.