Deppar ikkje etter 13. plass i VM
Arne Hadler-Olsen (19) ser på U-23 VM som ein positiv erfaring. - Det var kjekt å sjå kor nivået ligg, og å få prøva meg mot folk som er eldre enn meg, seier Hadler-Olsen.
Sist veke representerte Hadler-Olsen Noreg i U-23 VM i Plovdiv i Bulgaria. Hadler-Olsen og resten av den norske dobbelfiraren klarte ikkje å koma seg til semifinale torsdag, og måtte ut i oppsamlingsheat fredag. Motstanden var knalltøff, og sjølv om dei rodde betre fredag, var det ikkje nok til å sikra seg semifinalebilett. Laurdag morgon tevla dei mot vertsnasjon Bulgaria om kven som skulle bli nummer 13 og 14.
- Me slo Bulgaria i alle dei tre løpa, og hadde god kontroll på dei laurdag, seier Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den norske dobbelfiraren har trent saman sidan mai, og kjenner kvarandre godt. Dei fekk likevel litt tekniske problem når dei skulle til pers i VM.
- Me fann diverre ikkje heilt rytmen, noko som gjorde at det vart tyngre å ro, seier Hadler-Olsen.
Noko å byggja vidare på
Medan dei andre på båten hadde ei målsetting om topp seks, var osingen litt meir nøktern.
- Eg håpa på topp ti. Eg var ikkje så langt unna å nå målet, seier han.
Hadler Olsen let seg imponera av opningsseremonien, som er mykje større enn i junior VM. No vil han jobba hardt for å få oppleva U23-VM i Nederland til neste år.
- I år fekk eg oppleva korleis nivået er, og kva nivå eg må vera på. Det var også kjekt at det er eit greitt nivå i laget, og at me har noko å byggja vidare på, seier osingen.
No tek han nokre velfortente ferieveker, før han reiser til Boston for å gå på North Eastern University.
- Eg kjenner to bergensarar som går på skulen, og dei fortel at det er eit godt treningsmiljø der. Det vert eitt år med ein mix av mykje trening og skule, seier Hadler-Olsen.