Ørjan Glesnes skåra Eikelandsfjordens einaste mål i 4-1-tapet for Mathopen.
Ørjan Glesnes skåra Eikelandsfjordens einaste mål i 4-1-tapet for Mathopen.

Corner er mål

Det kom heile fire mål på corner i kampen mellom Eikelandsosen og Mathopen i går. Diverre for heimelaget, var det motstandarane som putta flest.

- Dødball har vore eit gjennomgåande problem denne sesongen. Vi har snakka om det, og jobba godt med det, men framleis slit vi med å forsvara oss på hjørnespark, seier Eikelandsfjorden-trenar Gudmund Midtrød.

- For dårleg av oss

Bortelaget tok føringa frå start av, i det som må seiast å vera ein tam omgang frå heimelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg forstår ikkje kvifor spelarane ikkje er på i førsteomgang. Dei verka klare før kamp, og som vanleg møter det mange opp for å sjå kamp, noko som dannar ei fin ramme kring kampen. Førsteomgang er for dårleg av oss, seier Midtrøds trenarkollega, Knut Hjertnes.

Straffebom frå Teige Nes

Eikelandsfjorden måtte byte keeper tidleg i kampen, då Tor Erik Eide blei tråkka på låret. Inn kom førsteårsjunior, Knut Henrik Kilen.

- Han gjorde ein kjempekamp, og vi kan ikkje klandra han for måla, seier Hjertnes.

Mathopen tok leiinga etter eit hjørnespark då det var spelt 24 minutt, men berre tre minutt seinare fekk Eikelandsfjorden prøva seg på dødball. Eit kraftig hovudstøt frå Ørjan Glesnes sytte for balanse i rekneskapen. Stian Håvik, som til tider var eit angrep åleine, blei tatt inne i boksen om lag fem minutt før pause. Heimelaget fekk ein ypparleg sjanse til å ta leiinga, men straffa frå Petter Teige Nes blei redda av keeper.

Rødt kort?

Eit par minutt ut i andreomgang blei Håvik ureglementert stoppa på vei gjennom. Mathopen-spelaren var nok litt heldig som berre fekk gult kort, då han var siste hinder før Håvik var åleine med keeper. Tre minutt seinare fekk Mathopen hjørnespark, og nok ei skåring. Eikelandsfjorden-spiss Teige Nes hadde ikkje sin beste dag på jobben. Han fekk sjansen til å utlikna kort tid etter då han fekk stå umarkert framfor mål, men headinga gjekk rett på keeper. Etter 75 minutt spelt fekk bortelaget nok ein corner, og det blei nok eit mål.

- Det var surt å få 3-1 i fleisen. Då var vi inne i vår beste periode i kampen, og eg følte at vi framleis hadde sjansen til å vinna kampen, seier Hjertnes.

Både Glesnes og Teige Nes fekk gode sjansar til å redusera. Førstnemnde med ein knall-volley, og sistnemnde kom åleine med keeper, men avslutninga gjekk utanfor. Kveldens siste mål kom til bortelaget, som viste at dei også kan skåra i ope spel. Dei rulla opp eit flott angrep, og fastsette sluttresultatet til 4-1 for bortelaget.

 

Artikkelen held fram under annonsen.

14 dagar til neste kamp

Tapet for Mathopen gjer at Eikelandsfjorden har tapt fire på rad.

- Vi må berre halda humøret oppe. Som eg har sagt tidlegare er det litt utfordrande å få samla gjengen på alle treningane, sidan vi har fleire spelarar som held til i Bergen. Det er nok litt av grunnen til at spelet ikkje sit heilt som det skal. Uansett, så må innsatsen opp om vi skal ta poeng, seier Hjertnes.

- No er det 14 dagar til neste kamp. Vi skal jobba godt fram til det, og så satsar vi på at dei neste tre poenga er like om hjørnet, seier Midtrød.