"Captain Fantastic" er tilbake i gult
Etter sin 15. sesong i Os-drakt valte Stian Lunde å trappa ned. Men etter berre eit halvt år som Nore Neset-spelar er han no tilbake på Kuventræ.
- Eg har vurdert dette lenge. Då me fekk kabalen til å gå opp i heimen, og det ikkje vart så stor belastining for ho som går heime, så bestemte eg meg for å takka ja, seier Lunde.
Os-trenarane Hassan El Fakiri og Ørjan Håland tok kontakt med Lunde i vår med tanke på eit comeback for midtbanestrategen. Det var fleire faktorar som spelte inn då Lunde endeleg bestemte seg for å returnera til Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Først og fremst måtte det gå opp i heimen. Det er heller ikkje kjekt å sjå at Os slit i botnen av tabellen. I tillegg er Håland veldig flink til å snakka for seg, smiler Lunde.
Trur ikkje nedrykk vert eit tema
Lunde har spelt spiss i fleire kampar for Nore Neset i år, og bøtta inn mål.
- Trur du at du er tenkt ein spissplass på Os?
- Nei, det trur eg ikkje. Kanskje ein offensiv midtbaneplass. Eg skal ha mi første trening med laget i dag. Eg veit meir etter det, seier Lunde.
"Captain Fantastic" fortel at han har hatt ei fin tid som Nore Neset-spelar, med gunstige treningstider og færre treningar i veka.
- Eg må omstilla meg no, men det er eg klar for. Eg har ein avtale som gjer at eg ikkje må møta på absolutt alle treningane, og kan køyra eigentrening når det passar for meg. Det verste vert nok alle reisene til Stavanger. Eg trur me har ein bortekamp i Haugesund, og ein på Karmøy. Resten er i Stavanger. Det er heldigvis berre annan kvar helg, smiler Lunde.
Nore Neset ligg godt an med tanke på opprykk, medan Os slit i botn av tabellen. Lunde fryktar ikkje nedrykk for klubben sin.
- Eg trur ikkje nedrykk blir eit tema ein gong. Eg trur det vert ein sinnsvakt god haustsesong for Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avtale ut sesongen
I Os sin treningskamp mot Sotra var det fleire prøvespelarar som fekk visa seg fram. Lunde var ikkje på kampen, men han har høyrt mykje bra om spelarane, og håpar at Os får med seg eit par av dei vidare.
- Os har mista nokre spelarar i sommar, og treng forsterkningar. Det er mange unge og spanande spelarar i laget, noko som er bra, men det trengst òg nokre spelarar med erfaring, seier han.
Dei siste åra har det vore mykje fram og tilbake med Lunde, men i fjor tok han det vanskelege valet med å gje seg på Os. No er han tilbake, men vert dette dei siste tre månadene i gult og svart?
- Håland meiner at eg har minst fire år att i meg, smiler Lunde og legg til:
-Eg trur eg gjer meg etter sesongen.
«Os og Fusaposten» hadde eit større intervju med Stian Lunde i fjor, då han tok fatt på det som skulle vera hans siste sesong som Os-spelar. Det kan du lesa her:Familiefar, lærar og "Mr. Os".