Mikslaget til Fusa vidaregåande skule trong ein kamp for å koma i gang. Deretter spelte dei veldig godt og gjorde seg til slutt fortent til bronsefinale i NM for vidaregaånde skuler. (Privat foto)
Mikslaget til Fusa vidaregåande skule trong ein kamp for å koma i gang. Deretter spelte dei veldig godt og gjorde seg til slutt fortent til bronsefinale i NM for vidaregaånde skuler. (Privat foto)

Bronse til mikslaget

Det var jentelaget dei hadde mest trua på, men når NM var i gang var det mikslaget til Fusa vidaregåande skule som nådde lengst.

I fjorårets volleyball-NM for vidaregåande skuler gjekk mikslaget til Fusa vidaregåande skule heilt til topps. I år vart dei nummer tre. Bronsen kom på mange måter som ein liten overrasking.

I reisefølgjet frå Fusa var dei 37. Med ein bjølle-utstyrt heiagjeng på tribunen, gjorde fusingane mykje ut av seg i Stavanger idrettshall i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varierte for mykje

Det var jentelaget trenar Ragni Hestad hadde mest trua på då me prata med ho før NM-turen til Stavanger. Men då meisterskapen var i gang varierte jentene litt for mykje i prestasjonane til å nå heilt opp.

- Dei spelte bra den første dagen, men søndagen rota dei litt for mykje før dei spelte seg noko opp igjen mot slutten, fortel Lena Åsmul, som var med på turen som forelder.

Jentene enda til slutt som nummer sju meisterskapen.

I miksklassen var Hordaland suverene med tre lag på dei tre første plassane.

- Me i heiagjengen var uansett godt nøgde med det laga presterte. Bronsen til mikslaget var over all forventing. Dei trong ein kamp for å spela seg opp. Etter det leverte dei veldig bra, skryter Åsmul.