Brann-samtalar rann ut i sanden - klar for ny klubb
Ståle Steen Sæthre vert ikkje Brann-spelar likevel. No går fusingen til topplaget i 1. divisjon.
Måndag vart det rapportert at fusingen og Nest-Sotra spelar Ståle Steen Sæthre kunne vera aktuell for Brann. Men samtalane resulterte ikkje i ein overgang. I staden er Sæthre no på plass i Aalesund for å sluttføra ein kontrakt med klubben som leier 1. divisjon.
Sæthre seier til Sunnmørsposten at han er i ein alder der han må spela fotball.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Å dra til Brann for å sitja på benken, er ein risiko å ta. Det er også ein risiko å reisa til Aalesund, for det er ikkje sikkert dei rykkjer opp. Men Aalesund er ein veldig spennande klubb, og ein stor klubb. Det blir ufatteleg kjekt å ta eit steg vidare her og gå for eit opprykk, seier fusingen til avisa.
jostein@osogfusa.no