Børge Borgen forlèt Os
Os har mista seks spelarar i sommar. Ein av dei er Borgen, som flyttar til Oslo for å gå på politihøgskulen.
Midtstopparen gler seg til skulestart og nye utfordringar, men han seier også at det ikkje er lett å gå frå klubben han har spelt for i 16 år. Særskilt med tanke på korleis laget ligg an på tabellen.
- Med tanke på situasjonen er det ikkje enkelt å flytta no. Men eg har trua på gutane, og at det kjem til å gå bra, seier Borgen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seks spelarar ut
Det er klart at seks spelarar forlèt Os i løpet av sommarmånadene. Christer Olsen har signert for Lysekloster, Stian Bakke og Sebastian Skåre Tune er begge klare for Øystese. Borgen skal til Oslo, og Håvard Grøteide skal gå på skule i Sogndal, medan Aksel Skaar skal i militæret.
Os-trenar Hassan El Fakiri fortel at dei var klare over at fleire kom til å gje seg i klubben i sommar.
- Lysekloster har vore ute etter Christer i lengre tid. Bakke har signalisert at han ønsket meir speletid, og vel difor å gå vidare, seier El Fakiri.
Skåre Tune som har vore ein av dei mest positive spelarane i vår, returnerer til Øystese etter berre fire månader i gult og svart.
- Det er synd at han ønskte seg tilbake til Øystese, særskilt i den situasjonen me er hamna i. Samstundes ønskjer me spelarar som ønskjer å vera her, så dette er nok den beste løysinga. Sebastian er ein fin type både som person og spelar, som det er synd å mista, seier El Fakiri.
Jobbar med nye spelarar
El Fakiri fortel at dei jobbar med å få inn nye spelarar, utan at han vil seia noko om kven, eller kor mange det er snakk om. Rykte på bygda vil ha det til at Os-trenaren har bestemt seg for å gjera comeback på fotballbanen i haust.
- Er det noko i rykta?
- Ingenting er bestemt enno, seier El Fakiri.