Blømande friidrettstalent klare for konkurranse
Treningsframmøte har vore storveges etter at Friplassen vart opna. Neste søndag får friidrettsungdomen vist seg i konkurranse.
Friidrettslivet i Os har verkeleg fått seg ein boost etter at Os Idrettspark på Kuventræ og Friplassen på Søfteland såg dagens lys.
På Søfteland har treningsframmøte auka for kvar veke. Neste søndag får nye og gamle friidrettsutøvarar i Søfteland TIL høve til å visa kva dei duger til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har hatt ein jamn stigning på trening. Det starta med litt over 20 deltakarar etter opninga tidlegare i haust. No sist veke hadde me over 30, seier Erling Andersen i Søfteland TIL.
Inspirerande å konkurrera
Etter at anlegget stod klart har idrettslaget hatt eitt friidrettsstemne. Neste laurdag inviterer dei til sitt andre.
- Då vert det klubbmeisterskap i ordets rette forstand. Dei einaste som kan delta sjølv om dei ikkje er medlem av idrettslaget er elevar frå 1. til 3. klasse ved Søfteland skule, seier Andersen.
Årsaka til at dei får vera med er at idrettslaget ikkje har eigne parti for denne aldersgruppa.
- Me veit at det er fleire i denne aldersgruppen som er begeistra for friidrett. På sikt håpar me å få laga til eit yngste-parti for denne gruppa, seier Andersen.
Han trur friidretts-borna på Søfteland ser fram til å konkurrera.
- Dei var skikkeleg gira då me hadde seriestemne her 3. september. Denne gongen vert det ekstra spennande for dei å kjempa om klubbmeisterskap-titlar og nye rekordar, seier Andersen.
Fem øvingar
Søfteland TIL har aldri tidlegare arrangert friidrettsstemne utandørs. Til det første neste søndag håpar arrangøren på bortimot 40 deltakarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Under seriestemnet tidlegare i haust hadde me 30 deltakarar frå klubben. Eg reknar med at dei fleste av dei stillar også denne gong. I tillegg håpar me at talenta frå 1.-3. klasse kjem og visar kva dei dugar til, seier Andersen.
På friplassen denne dagen vert det arrangert konkurranse i fem øvingar - lengde, høgde, kulekast, 60 m og 600 m kappgang.
- I utgangspunktet er dette eit meisterskap for born opp til 14 år, men me vil også leggja til rette for konkurranse i ulike øvingar for seniorar, dersom det er interesse for det, seier Andersen.