Bjørnafjorden har fått sine første eliteseriedommarar i handball
Søndag debuterte Jørgen Wold og Fredrik Andresen som eliteseriedommarar i kampen mellom Sola og Larvik.
Det hardtarbeidande dommarparet frå Os har klatra kjapt i dommarhierarkiet dei siste sesongane. To år etter at dei vart kåra til Hordalands beste dommarar i 2. divisjon fekk dei førstedivisjonsdebuten i dame- og herreklassen i vår. No har dei altså også fått eliteseriedebuten sin i kvinnehandballen. Og skal me tru Fredrik, gjekk det veldig bra.
— Det var ein veldig fin førstekamp å få. Me fekk oppgjeret tidleg inn i det sporet me ønskte og klarte å halda det slik i to gonger 30 minutt, fortel han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Men litt sjølvkritisk må han også vera.
— Me hadde to-tre situasjonar som var litt klønete av oss, men som heldigvis ikkje skapte noko støy i kampen, seier Andresen.
Kampen enda med solid 31-21-siger til Sola, så då seier det seg sjølv at det ikkje var all verda til dramatikk knyt til kven som skulle ta poenga.
Audmjuke og nøgde osingar
Ifølgje Andresen fekk dei veldig gode tilbakemeldingar etter kampen frå dommarcoachen.
— Alt i alt er me to audmjuke og svært nøgde osingar som er på veg heim frå Stavanger i kveld, sa Fredrik til Os & Fusaposten søndag.
Kva som skjer vidare er noko uvisst, men at det blir fleire eliteseriekampar på dommarparet frå Os, er ganske sikkert.
— Me håper sjølvsagt på fleire slike kampar, men me tek uansett med oss alt me får. Erfaring og læring uansett nivå me dømmer på, slår Andresen fast.
I koronatida har det kosta dei ein del våkennetter å koma seg til og frå oppgjer i andre delar av landet, men det er ein pris dei hardtsatsande dommarane er villige til å betala.
Artikkelen held fram under annonsen.
— No er det neste store målet å få dømma i Rema 1000-ligaen (eliteserien) for menn. Kanskje me får ein slik kamp alt på tampen av denne sesongen, seier Andresen.