Sambuarparet Raymond Sælen og Sandra Oen ønskjer begge å bli betre symjarar og har byrja på kurs saman.
Sambuarparet Raymond Sælen og Sandra Oen ønskjer begge å bli betre symjarar og har byrja på kurs saman.

Betrar teknikken på crawl-kurs for vaksne

- Vi kan jo flyta og plaska, men har lyst å læra oss å symja, seier Raymond Sælen lett spøkefullt. Onsdag byrja han på crawl-kurs for vaksne i Osbadet, saman med sambuaren Sandra Oen.

Åsa Nord

Artikkelen held fram under annonsen.

asa.nord@osogfusa.no

- Eg har lyst å læra meg å symja skikkeleg. Få betre teknikk, legg Oen til. Sidan begge hadde same ønske fall det naturleg å byrja på kurs saman.

- Lett å læra

På kanten av bassenget står instruktør Thomas Halhjem og viser og forklarer om rett teknikk, før han gir instruksar om øvingar deltakarane skal igang med.

Thomas Halhjem er instruktør på sitt fjerde crawl-kurs for vaksne. Han seier dei fleste betrar teknikken sin kraftig i løpet av ti kurskveldar.
Thomas Halhjem er instruktør på sitt fjerde crawl-kurs for vaksne. Han seier dei fleste betrar teknikken sin kraftig i løpet av ti kurskveldar.
Elisabeth Liland reiser frå Fana for å læra seg betre symjeteknikk i Osbadet.
Elisabeth Liland reiser frå Fana for å læra seg betre symjeteknikk i Osbadet.
Deltakarane hoppa rett i det og starta alt fyrste dag av kurset med øving på diverse tekniske moment av crawling, som pusteteknikk, fråspark, fot- og armbevegelsar.
Deltakarane hoppa rett i det og starta alt fyrste dag av kurset med øving på diverse tekniske moment av crawling, som pusteteknikk, fråspark, fot- og armbevegelsar.

- Mange trur dei kan crawl. Men eigentleg kan dei berre koma seg frå A til B, spøkjer han.

Kurset som starta onsdag er det fjerde han held av sorten. Tidlegare har han hatt alt frå folk som kan mykje til lite. Men dei fleste deltakarane hans har lært seg god teknikk i løpet av dei 10 kveldane kurset går over.

- Crawl er eigentleg lett å læra. Men det er ein teknikk som består av fleire moment som ein må læra seg, for så å setja saman og dermed bli betre. Så gjeld det å trena, og trena. Øva og halda teknikken ved like, som med alt anna, seier han.

Vil bli raskare

Ei av dei som har funne vegen til Halhjem sitt kurs er Elisabeth Liland frå Fana.

Ho har brukt symjing som alternativ treningsmetode dei siste to åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det byrja bli keisamt med berre brystsymjing når eg går og trener sånn på eigahand.

Dermed meldte ho seg på kurs for å vidareutvikla teknikken sin.

- Eg håpar det kan hjelpa meg å symja fortare.

Allereie før kurset byrja hadde Elisabeth fått utbytte av det - om enn på litt anna vis enn ho kanskje hadde sett for seg på førehand.

- Då eg meldte meg på, fekk eg samtidig vite at Osbadet trong folk, så no jobbar eg her også, fortel ho med eit stort smil.

For nybyrjarar og erfarne

Halhjem er lærar ved Os Gymnas, der han underviser i toppidrett og generell kroppsøving. Den blide instruktøren er utdanna ved Norges Idrettshøyskole, mellom anna i symjing.

På Osbadet sine heimesider står det opplyst at kurset passar for alle vaksne - frå heilt nybegynnar i crawl til meir erfarne som vil forbetra seg.

- Eg har hatt folk på kurs som driv med triatlon og er flinke å symja, men som vil utvikla crawl-teknikken. Så har eg hatt mange som kan lite. Dei blir ikkje konkurransesymjarar av å ta dette kurset, men dei får betre utbytte av eigen symjetrening, avsluttar han.