Ber om avklaring for Søftelandsparken
STIL trur på ein folkevekst i krinsen på 75 prosent dei neste 5 åra, og meiner det er heilt naudsynt å koma igang med nytt idrettsanlegg. - Dersom me ikkje får ei tydeleg avklaring, må me gjera andre ting, seier Ronny Linde i STIL.
Søfteland turn- og idrettslag (STIL) møtte opp mannsterke i formannskapet denne veka for å presentera sine planar for nytt idrettsanlegg på Søfteland. Prosjektgruppa har jobba i 10 år med planen, som vart nedsett i forlenginga av at kunstgrasbanen Stilvoll vart etablert ved Søftelandselva.
Nokre av elementa i Søftelandsparken er ny fleirbrukshall, ishall, nye kunstgrasbanar, turløype, skatebane, kajakk- og badeanlegg og allaktivitetshus til erstatning for Søfteland ungdomshus. Os kommune har sikra seg nokre tomter mellom Søfteland skule og elva, der STIL vonar at noko av dette kan etablerast.
Artikkelen held fram under annonsen.
Må skje snart
Gruppa hadde rekna ut at folketalet på Søfteland i 2020 vil ha dobla seg i forhold til 2010. Det vil bu 2557 personar på Søfteland i 2020 mot 1700 i dag.
- Dette folketalet baserer seg berre på dei reguleringsplanane som alt er godkjende. Kjenner eg Os kommune rett, stoppar det ikkje her, sa Ronny Linde i STIL.
- Me kan ikkje venta 3-4 år til, når alt me har er ein fotballbane og ein utsliten gymsal, sa Øyvind Skorpen.
Dei viste til at dei i løpet av 20 år har samla inn ein god del eigne midlar, men treng klarsignal frå kommunen.
- Me har ressursar i idrettslaget. Me står klare på startstreken, og ventar berre på signalet frå dykk om at no gjer me dette. Viss me får ei utsetjing eller eit nei, må STIL tenkja på om me skal gjera noko anna, sa Ronny Linde, og ymta frampå om Os kommune kunne vera villig til å gje frå seg tomtene og la STIL sjølve sitja i førarsetet.
Lova tilbakemelding i haust
Reaksjonane var stort sett positive hjå politikarane, men dei var litt usikre på forholdet mellom Søftelandsparken og det nye sentralidrettsanlegget på Kuventræ.
- Det er litt utfordrande å investera i dette samtidig med at me driv på med Kuventræ-anlegget. Me må nok ta ein skikkeleg runde på det i økonomiplansamanheng, sa ordførar Terje Søviknes, og lova at STIL skulle få ei tilbakemelding i løpet av hausten.
Søftelendingen Ståle Skaatun (H) sa at Os kommune måtte gjera noko uansett.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg trur de kanskje har teke litt lite i når det gjeld folketalsveksten. Eg trur på 3000 i søftelandsregionen i eit 10-års-perspektiv. Me har Lysefjorden i neste omgang, der akkurat same problemstillinga vil dukka opp. Kapasiteten på sentralidrettsanlegget på Kuventræ er sprengt nesten før det er ferdig. Så me er nøydde å tenkja utvikling i krinsane, og tenkja positivt i forhold til lokale initiativ som dette, sa Skaatun.
Partipolitiske stikk
Helge Steinum (Ap) kom med eit stikk til ordføraren.
- Kvifor skal me vera negative her? Me er jo ein ja-kommune. Eg skjønar ikkje kvifor me held att, sa Steinum.
Han viste til at han hadde gått ut og støtta Søftelandsparken i Os og Fusaposten før sist kommunestyreval. I same avis gjekk Søviknes ut og lova ishall til søftelendingane.
- No seier du at me må venta, for her har me ikkje midlar. Var ishallen berre valflesk, eller var det faktisk noko i det, spurde Steinum.
Søviknes svarte at han framleis var overtydd om at Søfteland treng tilbod på idrettsfronten framover, før han kom med eit stikk tilbake.
- Eg hugsar i same valkampen at Ap snakka høgt om at me måtte kutta i gjeld og investera mindre, påpeikte Søviknes.
Kapasiteten på sentralidrettsanlegget på Kuventræ er sprengt nesten før det er ferdig, så me er nøydde å tenkja utvikling i krinsane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ståle Skaatun (H)